- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
75

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

75

stor Skatt nedgravin der, segjer dei. Men det trur kje
ho Mor. Ho trur at det er drepi eit Menneskje der.
og nedgravi. For dei drepne spøkjer, naar det ikkje
er kome upp kven som hev gjort det."

Um dette fortalde ho Jorina ei grysjeleg Sogu. Dei
gløymde Arbeide baae tvo. Jorina raka berre paa
liksom; dei smaae sjøgrøne Augo stirde drøymande ut
som i andre Heimar.

„–Men kor det var og ikkje var, han Morbror

Aasmund vart so syvjin og rar med ein Gong, at han
gløymde aa lesa Fadervaar. Men ikkje so han sovna;
han laag berre som i ein Dus. Daa det leid noko
utpaa, saag han tydeleg at Døri gjekk upp; men der
høyrdest kje Ljod: og inn kom noko høgt, langt, i eit
kvitt Lakan."

„Huff."

„Han vart ikkje rædd, for han hadde kje vondt
gjort; reiste seg i Sengi og saag paa Skrymte. Og
av det kann ein vita at han var vakin."

Ja."

„Han kunde kje skilja korkje Augo eller Andlit;
men Skrymte kom glidande inn yvi Golve utan Ljod;
so stana det og vitta. Aasmund torde kje anna fylgja
det; han skyna at det vilde syna han einkvart. Og
Skrymte fyri og han etter, ut gjenom Kjøken og ned
i Kjellaren. Der stana det lengst inn-i ei Kraa og
peika paa Golve. Sae inginting; berre peika. So vart
det burte; han Aasmund høyrde berre liksom ein Sukk.
Men daa tok Rædsla han, og han lagde til Sprangs;
han veit med Naudi korleis han kom aat Sengi att.
Men um Morgonen hadde han enno Merke i Handi si
etter ein Spikar, han hadde rivi seg so vondt i um
Natti. Og sidan veit han at det maa vera ein Mann
drepin i det Huse, og at Like er nedgravi i Kjellaren
der Skrymte peika. Men no maa me arbeia, Gunnar!"

Dei arbeidde ei Stund, tegjande og fordrøymde.
Viba svinga og skreik : i—reh! i—reh ! Tiu ! tiu ! slog

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0085.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free