- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
76

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 76

FRED

Raudstelken. Erla hoppa og smaakvitra rundt ikring;
Steindilpa sat og skvatra og nikka paa eit Gjerde; Lufti
var full av Piping og Klang. Men høgt upp-yvi alt
svinga Lerkejubelen.

Og snart var Jorina inne i ei Sogu att. „Ho Mor
fortalde ein Gong noko som ho hadde høyrt av han
gamle Vidkunn i Ramstad-Træe. Det kom eit stort
Fantefylgje dit ein Gong. Og i det Fylgie var der ei gamal
Kjering; ei utgamal ei, so skrukki og gul som Hodn.
Denne Kjeringi sat paa ein Stol i ei Kraa og sukka
so tungt; „aa ja ja," sa ho; „aa ja — ja." „Kva
er det du sukkar so tungt for du daa?" spurde Kona
i Huse. „Aa," sae Kjeringi, „den dreg Anden djupt,
som snart skal Anden sleppa." Same Kvelden drog
Fantefylgje yvi Heiane. Ingin saag noko til dei fyrr
Dagen etter; daa var dei innum paa Vea langt nord
i Nes Sokn. Men daa hadde dei ingjo Kjering med."

„Kanskje det er ho som ligg i Heialandsmyri? —
Men Fantane kunde daa ikkje drepa henne. Hadde
dei kje fengi Straff daa?"

„Det er ingin som hev Greie paa Fantane. Han
Morbror Aasmund segjer at dei grev gamle Folk ned levande,
naar dei er leie av dei. Det er vel med Fantane som
med Frimaurane; dei gjer kva dei vil. Dei hev selt
seg til Hin-mannen; og so kann ingin naa dei."

Ei Huing høyrdest; det var ho Serina som ropa
heim ti! Nons. Dei saag paa kvarandre; Gunnar
bleikna. So lite hadde dei gjort i heile Dag. Kva
skulde dei no segja naar han Far spurde? —

Ei Glede venta deim heime: han Far var ikkje
att-komin. Men paa Vollen millom Heimehuse og Løo
laag der eit Fantefylgje. Og dei saag strakst at det
var hus-kjende Folk.

Han den vesle blaaklædde med det biksvarte
Tjafse-haare og det lange, gulbrune Andlite, og so Augo som
glyrde so rart, og som ein sjeldan fekk sjaa, det var

Træe: Trø.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0086.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free