- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
77

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

77

han Tomas, Fante-Tomas, Hovdingen for Fylgje. Han
sat og hamra paa eit Blekkspand, so Dusken dansa i
Toppluva hans.

Dei andre tok det i Mak. Ho Gunhild, Kjeringi,
sat paa ein Skammel midt imot Tomas og røykte paa
ei Kritpipe; jamsides henne, paa Marki, sat eit yngre
fregnutt Kvinnfolk med eit Spøt. Store svarte Olaves
Didriksen, Bror hennar Gunhild, laag so lang han var
burtetter Vollen og léta seg; ein Flokk Ungar flaug
rundt og gjorde gildt, ylande av Glede som smaae
Vargar.

Tomas var Kam-makar og Blekksmed og kunde
binde Vevskeiir og gjera Fiskekrokar; og han tente
so mykje med Arbeide sitt, at med det til som
Kjeringi og dei andre tagg ihop, kunde Flokken klara seg
utan Spaning.

Og det var det beste i fleire Maatar, meinte Tomas.
For det fyrste var Lensmennane svært gløgge i denne
Tid, so det var vandt aa sleppe ifraa eit Spaneba med
det gode; og for det andre var Tomas ein boklærd og
klok Mann som ikkje vilde ha noko Tjuveord paa seg.
Det skulde ingin segja at Tomas Fredriksen stal seg
fram; og ingin skulde stengje Husi sine for Fylgje
hans, av di dei fælte for Sylvskeiine sine. So skulde
og hans kjære Son Carolus Magnus aldri turve
skjemmast av Far sin for den Skuld; um nokon sagde til
han: „Far din er Fant", so skulde han kunna
upp-lyfte sitt Hovud og svara med Sannings Ord og Resön:
„men Far min er ærleg."

Tomas var ein merkeleg Fant.

Han hadde lesi alle gode gamle Lærdomsbøkar,
Sakso Grammatikkus, Olger Danske, Karl Magnus og
andre, og so Bibelen, Lars Linderoth og Knud
Spøder-voll. Han var konfirmera med god Kristendomskunn-

Spøt: Bunding. — Gjera gildt: leike. — Spaning
(Tater-maal): Steling (= Spaneba). — Knud Spødervoll: Førar
for dei s t e r k t-1 ru a n d e paa Vestlande.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free