- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
78

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 78

FRED

skap paa Tukthuse i Kristiansand; dei hadde tenkt
paa aa døype han au, men ikkje vaaga det, daa det
var rimelegt at han var barnedøypt ein Stad uppi
Setisdalen. Paa Tukthuse var det han fekk Sans for
aa lesa og tenkje; og sidan hadde han baade lesi og
tenkt, og hadde funni ut mange merkelege Ting paa
sine lange Vandringar. Han var ein av dei faae som
til Gagns forstod Profetane; og han var kannhende
den einaste som visste kva Syndi mot Anden var;
men det torde han ikkje segja.

Fante-Tomas hadde i det heile Greide paa dei fleste
Ting, og serleg paa alt som var løynt eller gaatefullt.
Læra um dei Underbuande eller Tussefolke grunna
han paa det Gudsorde i Iste Moseb. 2, 23, der Adam
segjer um Eva: „denne Gang er det Kjød av mit
Kjød og Ben av mine Ben." Kvi sagde Adam „denne
Gang"? Jau; han hadde havt ei Kone fyrr. Men
denne Kona hadde vori av eit anna Slag enn Adam,
og so hadde Gud set at det nok ikkje vilde gange
godt millom dei tvo. Daa støytte han henne og
Borni hennar ned i Jordi; og der hadde dei livt
sidan som ei Ætt for seg sjølv. Dette hadde hendt
fyri Syndefalle; dermed kunde me vita, at Tussefolke
var frie for Synd. Av det kom det au at dei kunde
gjera seg usynlege. Det var fleire av deim enn me
trudde; og mang ein Gong vanka dei midt imillom
oss. Dei hadde sine Kyrkjur og Prestar liksom me;
men dei var syndefrie og turvte daa berre det gamle
Testamente.

Mange underlege og utrulege Ting hadde hendt i
Verdsens Tidir, og dei vart ikkje mindre forunderlege,
naar Tomas fortalde deim. Fleire Sogur i Karolus
Magnus hadde han vori i Tvil um han skulde tru;
han totte dei vilde koma i Strid, noko, med Guds
Forsyn og Bestemmelse. Men han var komin til det at
han laut tru deim likevel. Det som hadde ført han
til denne Tankegangen var Slutningsordi i Boki. Desse

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free