Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
79
Slutningsordi lydde so: „hvo dette tror eller ikke
tror, han synder ikke dermed." Men dei Ordi kunde
kje staa, dersom noko i Boki var Lygn. For trur du
ikkje at du syndar, naar du trur noko som ikkje er
sant? — meinte Fante-Tomas.
Han visste um dei fem Jordbolkane Auropa, Asien,
Amerika, Ægypten, Oranien eller Ny-Holland. Han
hadde høyrt gjeti at Jordi skulde vera rund, men det
trudde han ikkje. Han kunde kje faa det til aa høve
med Guds Ord, og ikkje med den naturlege
Tankegangen heller. So sagde au Knud Spødervoll at Jordi
var flat, og like eins Luther, som daa var ein høgt
upplyst Mann i alle Guds Forunderlegheitir. Um
Sol-og Maanemyrkjingar visste Tomas god Greide.
Derimot forstod han ikkje at Maanen vaks og tok av.
Dette var ein av dei store Løyndomane som det ikkje
var oss Syndarar forlenet aa skyna. Men eit av dei
største Syntom eller Forestillingar av Guds Visdom,
det var, at naar ein saag vel paa Maaneskiva, so vilde
ein der sjaa Adam og Eva med Kunnskapstrée imillom
seg; dei var sette der upp etter Dauden til aa minne
alle Folk til alle Tidir um det store Syndefall. Guds
Visdom hadde set, at Meniskens Børn hadde godt av
aa hava denne Avmindelsen for Augo, serleg um
Næ-tane daa den gamle Adam var verst.
I Dag var Tomas i serskilde Anfektelsar. Det galdt
hans kjære Son Carolus Magnus.
Denne hadde ervt etter Far sin eit flytendes Talent
og eit høgt Sjeni; og han skulde bli Folk og slutte
med Fantelive. Det vart daarlege Tidir for dei
Reisande no; so at den som kunde koma fram paa
skikkeleg Vis, so var det baade betre og tryggare. Fyrst
hadde Carolus vori hjaa Simon Ramstad og gjætt.
Der hadde han idagelagt slikt eit Talent i Boki og
Lærdomen, at Presten Meier sjølv hadde teki han til
seg. Og Guten vart komformera daa han var trettan
og eit halvt Aar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>