- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
80

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 80

FRED

Presten vilde gjera noko stort av han. Men han visste,
at her i Lande vilde Ætti staa i Vegen for Guten; og
so hadde han beslutta, at Carolus skulde bli Missionær
og fara til Sululand. „Just han! Just han!" — sagde
Presten Meier. Og han tok til aa undervise ’n baade
i Bibelen og Kyrkjehistoria. Men Guten hadde kje
Bidlund og Bestandigheit til slik Lærdom; hans
Meining og Fyresviv var, at han vilde til Sjøs naar han
vart so stor. Dermed var han komin attende til Simon
Ramstad; men det var kje Bruk for han der no; og
so kom den store Funderingi eller Anfektelsen, kor me
daa skulde gjera av han.

Daa hadde hans Medledsagerske, ho Gunhild, fengi
ein glupandes Teori: me skulde prøve han Enok Hove
med Guten.

Enok var heilag; han kunde kje segja Nei, dersom
han vilde liva etter Lærdomen. Og um han vart leid
mot Guten, so var nok ikkje Carolus den som lét seg
flaa! Det kunde vera mangt aa pumpe hjaa han Enok,
lét Gunhild; „veit du kje, din Trave, at der er
Smaa-Rakli’er der? — det kann bli Blavi og Lokki det, Far!
F. slipe meg, hev kje so gali hendt fyrr! — slik ein
kvant og væl-likandes ein som Carolus er. Naar
Mormor di fekk ein Gardmannsson fraa Vardal, so kann
liksosnart Son din faa ei Gardmannsdotter fraa Hove,
Far!" Fante-Tomas maatte læ og prise dei djupe
Inn-siktir hjaa Kjeringi si; og han var komin til den
Avgjørelsen, at han vilde prøve med ’n Enok.

No galdt det aa taka Enok paa den rette Maaten.
For Bonden var kautare enn Presten; og Enok var
stivare Mann enn Ramstad’en. Det vart det beste aa
bruka Klokskapens og Lærdomens Umsvævelser her;
for Enok var sjølv ein klok Mann. Og naar han saag
at Fanten var likso bevandra i Skriftine som han sjølv
og meir til for Tomas skulde nok finne ei Aspekt

Rakli: Gjente. — Blavi: Bryllaup. — Lokki: Barnseng.
— kvant: ven; framifraa.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free