- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
81

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

81

til aa setja han fast i —, so kom han til aa faa andre
Tankar um Tomas og Ætti hans, og gjera seg ein betre
Teori um Carolus.

Og so hadde Tomas noko tilslutt som han visste
skulde slaa, noko som Presten Meier hadde sagt: at
med Guds Hjelp, og etter Eilert Sundts djupe
Raad-slagningar, so kunde der bli Hus og Heim aa faa for
’n Tomas au, dersom han vilde. „Det kann kje bli
so lengi fyrr eg sit paa eit Stykke Jord eg au, um det
er det som skal skilja millom Fant og Folk i denne
Verdi!"

XII.

Det tok til aa skumast. Enok sat ved Borde og aat.

Inn kom Fantane ein for ein, helsa og sokte aat
Omnskraai. Sistpaa kom Tomas. „Godkveld, og Gud
signe Spissen," helsa han vyrdsamt.

Han var smaavaksin og mjukléma, og mjuk og
slen-gjeleg i Gang og heile Ferd, lik ein Villmann som er
ukjend med Tungarbeid. Det var som han leika med
Lémine sine naar han gjekk, lagde deim hit og dit og
kvar han vilde; det vesle Hovude laag og svinga paa
sin magre brune, frambøygde Stylk til Hals og lagde
seg fraa den eine Aksli til den andre liksom kjælande.
Andlite, som i Grunnen var godslegt, hadde
Tater-svipen, dette snikjande, lausvorne, uvederheftige, snart
og lett skiftande fraa heilagt Skalke-Aalvor til vi Ilt
Løgje; men naar Tomas rødde med godt Folk, saag han
høgtidsam ut. Liksom han og var høgtidsam i sin
Tale.

Han sette seg paa Stolen framanfor Omnen; tok so
til aa tala, i Høgtidstone og lange Drag. Kor han
vilde av var vandt aa gjéta; han tok til med Vere og
Guds Forunderlegheitir i Naturens Bok. Mæle var
mjukt som heile Mannen; det gleid syngjande upp og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free