Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1 82
FRED
ned etter ein høg Skala i utrulege Tonefall. Ein kunde
høyre at han var fornøgd baade med seg sjølv og med
Tala si; og han gjorde seg fyri med aa tala utsøkt og
fint, og sputta brunt naar han hadde sagt noko vigtigt;
for Tomas togg Tobakk som ein Geitebukk. Han lika
godt aa antrast um høge Ting; Hovude hans reiste seg
paa Stylken som eit tomt Aks daa; han slog med
Nakken og Augo spéla; Andlite strama seg og vart strengt,
og Talen forunderleg tilgjord. For sine mange kloke
Tankar hadde han funni Ord som tidt ingin skyna utan
han sjølv; og han hadde sett mang ein klok Mann fast,
ja mang ein Prest med, baade i Lovi og i Bibelen, og
elles i mange Anskuelsar og Aspektir.
Enok svara ha og ja. Han kunde kje med Fantane.
Dei var kje som anna Folk. Dei hadde noko med seg
baade i Ham og Haatt, som var serskilt ulidande; noko
laust og sleipt og brunt og glatt; noko av Orm og
noko av Aal, ja stundom beint ut noko djevelsk. Ikkje
ein ærleg Tone var der i deim, og ikkje eit sætande
Ord; alt var falskt og lygnskt og løynskt; og det fylgde
ein Udaam med deim, ein Tev av dyriske og fælslege
Lystir og Syndir, liksom dei paa ein serskild Maate var
i Pakt med Sattan. Tomas var langt ifraa av dei verste;
men Lage var der; denne glatte Tunga kunde aldri
segja anna enn lause Ord. Det var reint stygt naar
han kom inn paa aalvorsame Ting; i Fantemunn vart
alt vanheilagt. Stundom tenkte Enok at Fantane kunde
kje hava Sjæl; det var ikkje Folk men forskapte Dyr,
Apekattar og Revar i Folkeham, Halvmennar, Halvdyr
or myrkare Heimar; so kunde dei kje heller tala som
Folk; ein kunde skilja deim ut, berre dei opna
Munnen. Og kva dei kunde hava for seg, naar dei tok til
aa javle paa sitt rette Fantemaal, det visste vel
Hinmannen; eitkvart stygt laut det vera.
Tomas hadde bukta og krøkt seg so lengi og so sløgt,
at han var komin til den store Aspekti um Uppstöda.
„— Og no vil eg gje Dykk ein Spurna, Enok, um
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>