Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1 84
FRED
som „bad kvar Kveld paa sine berre Kne, at det
maatte forlenast han aa koma til ein god og høgverdig
Guds Mann som han Enok Höve", so han kunde faa
„læra aa arbeida paa Jordi og tena sitt Brø i sitt
An-siktes Sved etter Guds Ord og Bod i fyrste Mosebok
det andre Kapitel".
No song Gunhild upp. Og det regnde med Kyt og
hagla med Ros, so yvi Enok og so yvi Guten; og Mæle
steig og vart heitare og heitare, og Kyte steig og vart
meir og meir grovt . . .
Enok høyrde kje etter lenger. Han sat og leitte
etter eit Gudsord eller eit anna sterkt Spraak som han
kunde døyve deim med og so gange sin Veg; men
med ein Gong kjende han Anden vitne i sitt Hjarta.
Her var Jesusbarne. Dette var det Offere som Gud
kravde av han. Nettupp dette, det verste han kunde
tenkje, det aira suraste og sværaste for Kjøt og Blod,
— nett det var det han Far kravde.
Han reiste seg fraa Borde. Daa han fekk Ord for
seg sagde han fast og stutt: „Gud vil at eg skal hjelpa
denne Guten. Men kjem han hit, so fær han fylgja
Husens Skikk, og venja seg til Orden og Arbeid; nokon
Letingskap vil eg kje vita av, og ikkje andre
Fante-Notur heller. Vil han paa dei Vilkaari, so send han
hit. So fær me sjaa kor langt Gud vil hjelpa."
Fantane tok til aa yvihylja han med Takking og
Smeikjing; han skunda seg ut. —
- Tvo Dagar etter kom Tomas og Gunhild med
Carolus Magnus.
Det var ein litin mager og mjaa ein, med smaae
myrke, urolege Augo og snare, snøgge Rørslur, lett og
lealaus som ein Hallingmann. Naar han gjekk, saag
det ut som der ikkje var Vegt i han; han kunde kje
fylgjast med Foreldri sine; dei gjekk for smaatt for han.
Men i det vesle runde brune Andlite var der, naar
det galdt paa, eit Aalvor og ei Høgtid so ein kunde
læ; det var Fante-Tomas sjølv, berre mindre. Og slik
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>