- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
85

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

85

ein vaksin og klok Maate hadde han til aa tala og
føre seg paa, at ho Anna mest vart bljug for han.
Han var so reint annarleis enn andre Born. Men
frisk maatte han vera. Ein kunde sjaa at han var
vaksin upp ute som ein Fugl eller eit Dyr; Sol og
Luft hadde brygt hans Blod; han var kvik som ein
Oter. Jamsides Carolus saag Gunnar bleik ut, endaa
han var førare og fastare.

Høgtidsleg helsa han paa Anna, si „nye Mor" ; han
skulde „med Guds Hjelp stella seg slik, at ho ikkje
skulde trega sin Godvilje mot han". Fante-Arti, Fante-Arti;
denne søte Munnen og glatte Tunga; Anna reint vreid seg
for aa taka han i Handi og segja „velkomin hit". Og
uff! for ei lita blaut, veik Jomfruhand.

Ikkje mindre høgtidsleg helsa Carolus paa den nye
„Far" sin. Han kunde med Sanning segja at Viljen
hans var god; „og so fær De heller bera yvi med
meg, um eg ikkje evler so mykje enno." —- „Kann
du læra aa søkja Herren i din Ungdom, Carolus, og
beda til han, so greider nok det andre seg," svara
Enok.

So tala Fante-Tomas, og tilslutt ho Gunhild.
Endelause Fyriteljingar for Guten, og endelaus Ros yvi
desse „fromme og velborne Folk" . . . Mæle skreik
seg upp, so ein helst vilde halde seg for Øyro. Dei
smaae Augo glyrde og stakk. Um Munnen laag
Fante-drage heile Tidi: ein laus, løynsk Smil, noko-so-nær
ned-duld; Tala slutta med nokre Ord i Fantemaal som
kom i same strenge, manande Tonelag som alt det
andre: „og so vonar eg til Gud, Carolus, at du vil
asja ein horta Romanisæl og ikkje lata Buroen stultra
dero eller bokka dero eller dabba dero; men kammar
dero kje latjot, so nasjar dero og avar til Dåden deros

asja: vera. — dero: du, deg. — horta: ægte. — Romanisæl
kallar Tateren seg sjølv. — Buro: Bonde. — Stultra: narre. —
Bokka svelte. — Dabba: slaa. — Kamma: hava. — Latjot:
godt. — Nasja: røme. — Ava: koma. — Dad: Far.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free