Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
87
Rangvilje i smaatt som i stort, Uhug og Mothug, ja
mest som Hat; og so tver og trümpin gjekk han der,
at det var mest ikkje Svar aa faa, um ein sagde noko
til han. Den som kunde skyna slikt! Det var vel
Djevelen i Guten som ubba seg upp no, daa Gud kom
so nære; det var som med Djevlane i Evangelie, det;
dei rasa alltid verst naar Jesus stod framfor deim.
Carolus var anna til Kar. Alt gjekk viljugt og lett;
og so kvik og snild var han i sine Svar, at det var
reint ei Giede aa røde med han. Og han kom med
Spursmaal sjølv au; ja han kunde tala um aandelege
Ting, so Enok stundom laut tenkje paa Jesus i Temple.
Det var vel so at Fante-Arti ofte stakk fram; men han
hadde daa vori so mykje hjaa Folk no, at han var fri
det verste.
Noko Arbeidslag var der kje enno; han lika best aa
gjæte, eller gaa Ærend, og anna slikt smaatt. Men so
var det daa nett Arbeid og Arbeidshug han vilde lære
her. Og naar Viljen var til det og Gud var med, so
skulde det nok gange. Enok bad um Visdom og
T61-mod til aa fullføre dette vandesame Verk, so at alt
som var att i Guten av Fantehaatt og Slarvehug, det
kunde bli utreinska og utbrent.
Han torde kje vera streng mot Carolus fraa fyrsto.
Det galdt aa lempe seg fram smaatt um Senn. Tok
ein han hardt, so rømde han vel berre. Som vel var
kunde Gunnar no spenne meir i; og so fekk me sjaa
um ikkje Ærekjensla vilde vakna i Carolus, so han
ikkje lét Gunnar, som var yngre, gjera Skam paa seg.
So vart han Enok endaa strengare mot Gunnar enn
fyrr. Alt skulde Gunnar gjera: „du Gunnar kann
maaka Fjose"; „du Gunnar kann bera inn Torv". Men
til Fanten heitte det so fjaagt: „og kanskje du Carolus
er so glup at du hjelper han Gunnar litegrand?" „Og
kanskje du Carolus gjeng av og ser etter Øykine, du?"
Uh! det var ufysi; Gunnar sputta. Denne søtblide
Tonen; denne Høgtidi, der skulde vera —; det var so
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>