- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
88

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 88

FRED

forluktande! Og denne Fanten. I Fyrstningi hadde
Gunnar vori rædd han; Fantane var Heidningar, hadde
ho Jorina sagt. Men no vart det Hat au. Slik som
Carolus gjekk og sleikte og smeikte for han Far, og
snakka so søtt, ja gudelegt — uff! og laug, so det rann
or han; men so snart han var ute or Augnesyni hans
Far, so berre gjekk han og spanta med Hendane i
Broki og plistra! Og aldri at han fekk Vond-ord; neidaa.
Og Ris — haa; Fanteguten Ris! Nei, berre eit Par
søte Ord i denne Bløytetonen —: „det var daa leidt
at du ikkje vart ferdug, Carolus, du som er slik ein
glup Kar. Han Gunnar fær hjelpa deg litegrand daa."
Ja tenk-kje han Gunnar! Han Gunnar var god til alt.
Ikkje turvte Fanten gaa i Skinnbrok heller. —

Ungen gjekk og arga seg som ein vaksin; den einaste
han fann rimeleg var Mor hans. Ho heldt litegrand
med han stundom. Og hjelpte han naar ho saag seg
Raad. Noko anna var au komi upp i det seinste.
Naar han Far var i Byn, og ho Mor bad Gunnar gaa
til Landhandlaren paa Aase med ei Mark Smør eller
slikt, som han skulde faa Kringlur og Kaffi fyri, so
gjekk Gunnar gjerne; han visste han fekk ei Kringle
sjølv, naar han kom heim att. Ei serskild Glede hadde
han i slike Tilfelle av aa ljuge for Fanteguten; for
Carolus maatte kje heller vita noko um dette.

Men ein Dag utpaa Hausten hende det noko uventande.

Gunnar hadde vori hjaa Landhandlaren. Daa han
kom aat Matbui og skulde ha Kringla si, stod Carolus
der inne. Gunnar til Mor si: „han Carolus er i
Matbui; han hev teke ei Kringla!" Men ho Mor berre
hyssa paa han; ja ho var mest vond. „Du er so
forhatig paa han Carolus, du; men Carolus hev vori glup
i Dag. Berre gakk inn til han du; so skal du au faa
ei Kringla." Kviskrande lagde ho til: „og so skal du
vera snild med han Carolus." Gunnar stod der som

tenk-ikkje: „naturligvis"; kvifor ikkje.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free