Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
89
torefortenkt. Dette kunde han ikkje skyna. Skjemd
og forundra drog han seg ut-i Matbui att; — „no, kva
fekk du for Besingi di?" spurde Carolus.
Etterpaa vart Ungeflokken styrd aat Løo; dei skulde
faa leike seg i Dag, daa her var „fritt". Gunnar
kom so i Godlag ved dette, at han fann seg i det
som hendt var.
Og det viste seg i Dag at Carolus kunde vera løgin.
Skulde aldri ha set so rart som han kunde skapa seg
til. Han var „vill Mann" og fekk deim til aa læ mest
meir enn dei hadde godt av. Sidan fortalde han
Eventyr for deim; og Sogune hans var mykje gildare enn
Jorina sine. Tvo Eventyr fortalde han; so vart han
leid. Det kunde mest vera verdt aa gjera seg
God-venir med Fanten, tenkte Gunnar.
— „No vil eg vera Prest!" sa Carolus.
Det var Gjentungane med paa. Han fekk
Understakken hennar Jorina til Prestekjole; tok so til aa
preike. I Fyrstningi var han aalvorsam; „mine kjære
Medforløste," sa han, „me maa ikkje vera so letsindige ;
me maa huske paa at me skal dø"; — men snart
slog han yvi i Galinskap. „Fyrr me døyr maa me
gifta oss," meinte han; „og korleis skal et sant Guds
Barn faa seg ei Kona? Jau det skal eg syna dykk."
Han „gjekk paa Friarføter" til henne Serina, og apa
og skapa seg so dei maatte læ; endaa Gunnar kunde
ikkje rett like dette. Men Serina lika det visst; for
ho kniste og lo so det var svært. „No maa du segja
Ja!" sa Carolus; „det høyrer til!" — „Ja-ja daa!" sa
Serina og lo. „Men kva skal eit sant Guds Barn
gjera med Kona si?" spurde Presten. „Jau det skal
eg au syna dykk." Han vilde taka Serina um Halsen.
Men daa skreik ho og rømde.
Anna kom og skulde vondle; ho stod og høyrde paa
dette litegrand. „Carolus!" — Ho gjekk fram; Ungarne
torefortenkt: nomen av Forundring. — Bes ing: Fisling.
— løgin: morosam.
7 — Garborg. IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>