Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1 90
FRED
kvakk, so dei sprang kvar til sin Kant. „Naar Rett
var skulde eg segja dette til Far dykkar," sagde Anna
aalvorsamt. Daa gjekk Carolus burt-til henne og sagde
med sitt blidaste Mæle: „aa nei; det er vel ikkje verdt
at han Far fær vita for mykje um det som gjeng for
seg her i Huse, naar han er burte?" Daa saag ho
Mor stygt paa Carolus. Og det kvakk i Gunnar; no
skyna han alt. „Det fær gaa for denne Gongen," sagde
Anna og gjekk fraa deim.
— Men Gunnar gjorde seg Godvenir med Fanten
so fort som han kunde.
XIII.
Lufti bleikna og Aakeren skjerna. Eplekaale misste
sine vene blaaskjengjute eller rjomegule Blomar og sette
Topp-Eple. Viba tagna, flokka seg og vart burte.
Paa bleike avslegne Engir heldt Staren sine Stor-møte
med eit Skravl og eit Kvirl, so det høyrdest langan
Veg. So sette Flokken til Vérs med eit Sus som ein
Stormvind; slog seg ned i eit Raunbertre og fekk seg
Mat.
Snart var Skurden i Gang, og Laatepipur lét rundt
alle Aakrar. So kom den siste store Basken med aa
faa Epli upp; og daa det var gjort saadde dei Rugen.
So var Sumaren til Endes for i Aar. Dei berga i
Hus Arbeidsgognir og Køyregreiur og drog inn
Led-stengsle og Grindar. Enno var Kyrne ute her og der;
gjekk og trødde i Heimehagane og gnog paa den siste
Haavoni. Men helst søkte dei Live att-under Gjerde
og Husveggir; der stod dei og smaakulsa; lengta i
Hus dei med; drøymde um Vinterfred og logne Baasar.
Regnvinden saug og taut i Nov og i Vegg; no hadde
han fengi Haustgraaten i seg. Og Himilen hekk
modlaus og graa, og vaska og trafsa med tunge Flöir.
skjerna (um Aaker): verte skjer (mogin).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>