- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
91

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

91

— Enok var den einaste som ikkje hadde fengi Epli
upp. Men no var det berre att ein Teig utpaa
Aar-vollen; og den var so litin, at Gunnar og Carolus
kunde klara han aaleine til Nons. So kunde Enok faa
pløgje litegrand; og ho Jorina kunde hjelpe henne Anna
med aa kinne.

Gunnar og Carolus stræva det dei vann; „ikkje
eit Ord no!" — det skulde vera so gildt aa faa Ende
paa Haust-stræve. Men Epleteigen vart drjugare enn
dei hadde tenkt; og Carolus tok seg ender og daa ei
Kvilestund.

„Ufyse Stræv," knurra Gunnar; han grov i den
vaate Moldi med Hendar so raude som Humrakløar.

„Aa ja," sa Carolus. „Eg trur nok eg kjem til aa
fara til Sjøs likevel, eg."

„Ja det trur eg vel. Det vil eg au; men du maa
kje segja noko." — „Ikkje du heller." — „Langtifraa."

— — „Hyss, kva er det?"

Stygge haase Skrik høyrdest; eit villt, fælt Skravl
av rædde Maal høgt uppe i Lufti; — det var
Graa-gjæsane.

Kavande i Vinden, i stor, uroleg Trikant stemnde
dei mot Sør.

„Aa tenk no fér dei. Kor tru dei fér av?"

„Dei fér til Arabia," sa Carolus.

„Aa, den som kunde vera med." — „Skapa seg um
til Fugl og vera med, ja!" —

Dei stirde lengi etter Fugleflokken, som smaatt i Senn
graana burt i Skyine og kvarv.

„Kor ligg Arabia?" spurde Gunnar.

„Arabia?" — Carolus vart høgtidsam, so han liktest
Far sin. „Arabia," song han upp, „ligg sju Gongir
sju Dagsreisir sunnanfor oss; sunnanfor Have og
sun-nanfor Flandern og sunnanfor Spania og Keisaren og
Paven, ja sunnanfor der Blaamennane bur."

„Aa — aa. Det maa vera langt."

„Og Kongen der er den store Kaliffen Hadonald

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free