Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1 92
FRED
Raskji; og han bur i eit Slott av drivi Gull. Men
Sulane i Slotte er av Marmor og Filsbein. Og
Dron-ningi og alle Hoffolki er klædde i Silke og Purpurduk;
og midt i Slotte er der eit Springvatn av Jaspis og
Smaragd; men det spring kje med Vatn; det spring
med berre straalande Perlur. Og Hadonald Raskji
sjølv sit paa ei høg Trune av skirt Gull med ein
Kongs-stav av Diamant og Jaspis og Ametyst, og skin som
Soli yvi sitt Rike."
Carolus hadde gløymt alt ikring seg; dei myrke
Augo lyste i Draum.
„— Der skulde me vera," mulla Gunnar.
„Eg skulde ynskja eg var den simplaste Slaven der,"
sagde Carolus; „for den simplaste Slaven der er gildare
enn ein . . . Amtmann her; og han hev kje anna aa
gjera enn svinge Røykverk for Hadonald Raskji og
spela paa Luth og bera Silkeslæpe aat Dronningi. Men
det maa der vera 500 Slavar til; for Slæpe er so langt
som herifraa og til Ramstad."
„Aa —!"
„Og kvar Slave hev eit Kvende som er ungt og vent
som den venaste Rosa og skin som Soli og hev Augo
som Stjernur; for berre dei som er so fagre som
Prin-sessur fær vera i slikt eit Slott. Og dei syng vene
Songar og dansar og spelar paa Luth og Sitterspel; og
um Natti svarmar dei um i dei store Hagane under
høge Palmetre og Sedrar fraa Libanon, kvar med sin
Vén, og elskar kvarandre og kyssest. Men naar dei
hev svarma lengi nok, gjeng dei inn i Slotte og legg
seg paa mjuke Silkesengir og søv hjaa kvarandre, til
Hadonald Raskji stend upp og ringjer paa den store
Klokka som vert høyrd yvi heile Arabia."
„Det vilde eg kje vera med paa," knurra Gunnar
han lika kje sovori.
„Nei du kann vita ein er kje nøydd til!" —
„Skal me reisa?" spurde Gunnar.
„Ja dit skal me ein Gong; men det er langt. Daa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>