Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
97
Pungen koma aat Løo, naar han laag i Kisteledikken ?"
— Gunnar grét og tenkte, tenkte og grét; — „eg
vilde . . . m-u—u, m-u—u . . .„— „Naa?" Enok
bøygde seg og tok han i Aksli. „Eg vilde . . . sjaa
paa Skillingane, m-u—u, u—uh . . ." — „Og so tok
du Pungen or Kista?" — „M-ja, u—u . . ." — „Og
sat og dyrka dei stakkars Skillingane som ein Avgud,
ja. Og so lae du Pungen i Lomma og gjekk aat Løo
med han." — ,,M-ja; m-u—u, u—uh ..." — „Og
der slarva du han burt. Og etterpaa alt gjeng du og
teier og løyner det burt for oss. Ja no fær eg lære
deg Aalvor daa, at det ikkje skal gaa med meg som
det gjekk med Ypperstepresten Eli . . ."
Og Gunnar vart so syndleg uppströkin som han
aldri hadde vorti fyrr. Fyrst e i n Bask; so ein til med
same; han vreid seg som han vilde smjuge ut or sitt
Skinn, og skreik gjenom sin snørde Strupe so der var
kje Menneskjelaat i det lenger. Ho Anna gjorde seg
hard; han hadde fortent Stryk no; tenk kaste burt
Pengar . . . men det vart for fælt; han drap Ungen;
„aa nei, Enok! Herre Gud, Enok!" Men i denne
Vargestogo kunde ho kje høyre sitt eigi Maal.
Endeleg slapp Ungen ut or Kløane paa Far sin; krabba
burt yvi Golve paa firefotom, skjelvande, hikstande,
mest maallaus, sanselaus . . . Anna skalv; „du skulde
daa bruka Vite!" — „Det er betre at eg tuktar han,"
svara Enok, „enn at han skal falla i Hendane paa den
livande Gud!"
Gunnar drog upp Skinnbroki si og berga seg ut
Kammersvegen, gjenom Kjøken og Bakdøri, yvi Tune
aat Løo, kavande heile Tidi med Graaten, som ikkje
maatte høyrast for mykje; kjende seg kje trygg her
heller; rømde aat Smalagarden; der gøymde han seg
burt i den myrkaste Kroken og lét Graaten faa sin
Vilje. Aa Gud! kor det sveid i Enden hans. Han
grét og grét, til han mest sjølv vart rædd.
Smala-garde: Saufjos.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>