Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1 98
FRED
Carolus kom drivande upp Storækra med Hendane
i Broki, plistra og tenkte paa inginting. Daa han
kom upp-mot Løo, høyrde han gjenom Vindsusen slik
ei underleg Uling; kva kunde det vera? Han stana
og lydde; kunde det vera Folk? — Lydde og leitte;
kom sistpaa aat Smalagarden; der fann han Gunnar.
Og fekk vita alt.
Daa vart hans lette Fantehjarta so kløkt, at han
med ein Gong flaug inn etter Pungen. Og kom og
gav Gunnar han att. „Stakkars deg, at du skulde
lida so vondt for mi Skuld! Aa nei, at eg ikkje var
heime!" Han klappa Gunnar paa Kinne og trøysta
han. „So ja, Gunnar; ikkje graat no lenger. Du
skal faa den vene Huva endaa; eg skal snakka vel
med Mor mi. Og kann kje ho skaffa deg Huva, so
skal du faa ei av meg, naar eg vert stor; det er kje
so mange Aari til dess, veit du. Aa nei at du var so
trufast imot meg, at du ikkje blanda meg inn i dette.
Det var godt gjort det, Gunnar. So; kom no, so skal
me gaa inn; du tarv kje vera rædd naar eg er
med."
Gunnar kom seg smaatt i Senn. „Og no skal du
kje segja Far din at du hev fengi att Pungen din; so
kann du sidan kjøpa deg kva du vil for dei Pengane.
Er kje det sant?"
„J—jau," hiksta Gunnar; han smilte gjenom
Graat-krampen.
1 den Stundi gløymde han, at Carolus var Fant.
Carolus var den gildaste Guten paa Jordi.
XIV.
„Du snakkar so mykje um aa fornegta seg sjølv,"
sagde ho til han ein Kveld dei hadde lagt seg; „det
er rart at du kan halda paa med dette daa."
Han skulde høyre det ein Gong! anten det gjekk
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>