- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
100

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 100

FRED

kunde ho au gaa; han vilde vel heller hava ei ny,
som kunde gange ’n endaa meir under Augo. Han
var kannhende ikkje so galin som han saag ut til.
Underlegt kor vel denne Heilagdomen hans høvde
med det jordiske; det som var Guds Vilje var alitid
det som var det billegaste ... so nær som dette med
dei fatige kannhende. Han skjemdest av aa tilstaa at
det var Knipeskap; og so fann han paa at det skulde
vera Guds Vilje . . .

Uff; no fekk ho ikkje tenkje for stygt. Men jamenn
kunde ho bli so forarga stundom; — og berre
Gudshug var det ikkje; det skulde ho mest vaage. Sann
Kristindom kunde daa ikkje vera so hard.

Jau; ho skulde visst gange her og gjera seg Samvit,
av di ho narra han i sümt smaatt; naar han var so
urimeleg, so fekk han sjølv taka Skaden. Og Borni
skulde ho hjelpe so mykje ho kunde; og Maten stellte
ho so godt som ho fekk det til. Harrnelegt at ho var
so veik; at ho ikkje kunde gjera beintfram Motstand!
Det skulde vori ho Inger hans Per . . .

Ho laag og arga seg so ho fekk ei Skjelterid.
Hjelpe henne so sant; ho som so vel kunde turve
sova. Uh; ho var so trøytt og klar; ho hekk mest
ikkje ihop. Kvar Morgo upp i Otta; træle og traave
heile Dagen; tusund Ting aa gjera og ingi Hjelp; Huse
og Fjose; og Barn ved Bryste ... Ho Serina var
snild, men rokk kje stort meir enn stelle den litle;
og Jorina kunde kje so mykje som bøte ein Sokk . . .
Rart Barn; kunde inginting lære. Gjekk berre og
snugga seg og klaadde seg i Hovude; ein hadde meir
Mas med aa halde henne rein enn ein hadde Gagn av
henne; Anna skulde vera so glad ho var fri henne,
at —; men det torde ho nok ikkje nemne. Det var
slik ei Høgtid med den Ungen, at det var kje Maate
paa; hans eigne Born vart reint som Stikborn mot
desse Fantungane. Men so gjekk dei han no ikkje
mindre under Augo; det forstod dei seg paa, slikt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free