Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
101
Herk. Det verste var, at ho Jorina fyllte han Gunnar so
upp med Sogur og Fesjur at han vart reint tussut av
det; no hadde han fengi slik Hug paa sovori Tøv, at
han brydde seg snart ikkje um aa vera i Lag med
andre enn desse Fantane som kunde fortelja han
Eventyr og gamalt Kjeringsnakk. Carolus var vel den
verste i dette au; men no hadde han fengi slik Magt
i Huse ... aa! um ho kunde faa noko paa han ein
Gong, so ho kunde faa han ut. Men aa faa Tak paa
ein Fant —; daa fekk ein snarare Tak paa Aalen.
Og her gjekk ho. Ikkje kunde ho hava noko
Tilsyn med Borni heller; dei kunde lære alt som stygt
var, for det ho visste. Naar skulde vel ho faa ei
Fristund? Ho stræva paa Tröt fraa Morgo til Kveld; og
um Natti, naar ho skulde sova, var det den litle; eller
tunge Tankar som au kunde taka Svevnen; so um ho
kunde faa ei Fristund au, so var ho for mødd. Og
han —; han som endaa hadde teki paa seg aa halde
Skule for deim; jau det vart Greidur. Det gjekk som
det maatte gaa, naar ein var so strid paa sitt og ikkje
vilde høyre paa Fyriteljing. Kva det skulde bli av
Borni visste kje ho. Ikkje kunde ho hjelpe deim. Ho
maatte gange som Gjente, ho, og vera glad ho fekk
fraa seg det som mest turvtest. Og med alt det ho
stræva, so vart det kje som det skulde kör-so; det
vaks uppum henne paa alle Kantar med ugjort og
halvgjort; Huse var i Ustell og Borni i Ustell; her
saag soleis ut ofte. at ho reint laut skjemmast. Men
— „berre me kann halda Hjarta vaart reint og heilt"
— uh.
Og so kunde han kje ein Gong hava det Vite ;
so snart det eine var avvant, so var det aa gange med
det næste. Og so veik som ho vart. Sist hadde ho
klara det; men næste Gong? — Ei Braarædsle tok
henne. „Aa Gud! lat meg kje faa fleire no ... i
Jessu Namn Amen!" —
kor-so: kor som var; likevel.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>