- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
102

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 102

FRED

— Nei, nei; ho meinte det ikkje. Ho meinte det
ikkje. Ho visste ho maatte kje klaga ho, som hadde
so vene og friske Born. Aa nei; ho klaga kje heller.
Det var ikkje Meiningi det. Ho maatte nok berre
takke til. Tenk um det hadde vanta deim noko;
anten paa Kroppen eller paa Vite; det var nok dei
som fekk kjenne kor godt det daa var. Nei; ho skulde
ikkje klaga. Fekk dei berre vekse upp som det no
saag ut, so skulde visst ho vera fornøgd. Det var
berre det at ho stundom kunde verte so forharma — —
Ho laag og høyrde paa dei jamne trygge Andedragi
fraa Vogga og dei smaae Sengine; lydde til denne søte
Firklangen av frisk, lett Svevn til ho vart roleg. Ein
fekk lata Han styre; og lite paa at det gjekk som
fyri-sett var. Det kom vel den Dagen daa han Enok

fekk trega–-

Ute hadde Vinden snutt seg paa Sør; ho kunde
høyre det paa Töte. Huse var som ei Vindorge, og
kvar Vind hadde sitt Spel; fraa dei høge Yl av
Nordvesten til det døyvde, graatande Regngnaale fraa Sør,
— ho kjende deim alle. Aa ja, ja. Verdi var
stormfull og tung. Aah ja. Gud vere med oss.

Med ein djup, trøytt Sukk seig ho i Svevn. Daa
han Litle-Paulus vakna noko etter, laut han skrike ei
heil Rid, fyrr han fekk vekt henne att.

XV.

Ein ven frisk Sundag i Februar. Lind Frost, lett
Luft; døyvt Solskin fraa halvslørd Himil.

Inne paa Aase stend Enok og les Teksti. Den sæle
Smilen hans er ikkje so tydeleg i Dag. Der er heller
noko graatt og trøytt yvi Andlite.

Ein logn tung Torv-Varme fyller Stogo. Golve er
straatt med frisk Sand. Anna sit i Armstolen ved
Vogga og blundar so smaatt; attum henne hev
Smaa-gjentune gøymt seg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free