- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
103

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

103

Ho Jorina sit i Omrskraai og dubbar. Paa kvar-si
Side av det grøne Borde, like under Augo hans Enok,
sit Gunnar og Carolus; dei ser ut som dei høyrer
paa Teksti.

Paa Veggen ved Kammersdøri heng Klokka og tikkar
i sitt høge Hus. Tikk — tikk; tikk — tikk . . . syvjugt
og seint; Carolus tel: ein—tvo; tri—fir’ . . . noko fær
ein finne paa, so ein ikkje skal somne.

Gunnar drøymer um Arabia. Der vil han byggje
seg ei Borg. Den skal vera slik og slik, og hava so
og so mange Rom; der og der skal Carolus bu; og
der vil han vera sjølv; dessutan vil han taka med seg
Borni hans Per der nord, so dei vert mange nok til
aa slaa Trebonius.

Kannhende han gifter seg med Olina ein Gong? —
Uff nei. Men dette som han Carolus fortel um . . .
det maa vera løje.

All Ting veit han Carolus. Kven hev sagt han
dette, tru? Kann han ha set det? — Det vil Gunnar
spyrja etter i Kveld. Det er so gildt med det at dei
ligg ihop no; so kann dei faa røde so mykje. —

— Enok las og las, men var som so daud; hadde
kje den rette Gleda i Orde. Det var ein av dei
myrke Dagane dette; Soli gøymde seg attum Skyir, og
det var kaldt i Hjarta hans. Men Frelsarhandi heldt;
so rædd turvte han ikkje vera.

1 seinare Tidir var han ikkje so jamt paa Tabor som
fyrr. Berre ein Gong imillomaat, naar Gud serleg
vilde vise han sin Naade. Stundom kom han heller
langt nedimot Dalen, totte han. Djevelen narra han
ofte med sine Knip, og Suti for „i Morgo" fekk Tak
paa han altfor ofte. Men han visste, at som han
hadde det no, med Fall og Uppreisning og mykje
Strid, so var det ein kristin maatte vente aa hava det
i Jammerdalen. Og so laut Enok vera glad likevel.
Glad at han fekk stride den gode Striden og vart
agia verdig til aa prøvast i mange Freistingar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free