- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
104

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 104

FRED

Berre Gud vilde hjelpe han med Husfolke hans, so
det au snart kunde koma til Jesus. Han totte det gjekk
smaatt med dette, og bad ofte um Tolmod. Og han
arbeidde og stridde med Lesing og Bøn, og preika
Orde baade i Tid og Utid; so lengi skulde dei høyre
kor god og ljuvleg Herren var, til dess dei ikkje kunde
halde seg burte lenger.

— Undrast paa kva det kunde vera han Gunnar
tenkte so paa no; han sat og stirde med slike tome
Augo. Enok vilde til aa spyrja han um dette;
kann-hende skræme han litegrand, so han kunde minnast
det ei Stund; — daa høyrdest det Stig ut paa Vegin.
Alle vakna og glytte ut. Kjære Folk; var det kje
Student Olsen som kom svingande?

Gunnar og Carolus blinka til kvarandre; han kom
hit. Gudskjelov, Gudskjelov . . .

— Tri sopande Stig inn Gangen; knakk-knakk paa
Døri; inn steig Olsen mager og lang. Flosshatten
hadde han teki av Hovude; men endaa laut han bøygje
seg. „Goddag; signe Andagten." — „Takk. — Du maa
sjaa du fær sitja."

Olsen drog upp Frakkebreiddine og sette seg paa
den næmaste Stolen; „mykje til fint Ver." Han var
ædrug i Dag; tala Bygdemaale. Hatten lagde han
paa Knée; Staven sat han med i Handi; Ryggen var
rak som eit Skaft. Han var skallutt framme og
lang-hærd bak; Andlite var magert og skarpt med djupe
Forur; i Kinni var som ein Kul av Tokak-Skraae. Dei
blygaae smaae Augo blinka jamt og tidt. Frakken var
blanksliten, Halsskjorta flekkut, Styvlane skakke og
mest hælelause. Han hadde stygge Drykkjeridir, Olsen,
og det var smaatt med han i det heile; men han
var lærd, og so hadde Enok som ein Vyrdnad for han
korso.

Dei kom i Svall. Gunnar og Carolus blinka til
kvarandre. „Eg gjeng burt og ser um Øy kjene," sagde
Carolus og rusla ut. Gunnar snart etter — Kammers-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free