- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
105

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

105

vegen. So kunde han Far tru at han vilde ut og lesa
paa Leksa.

Olsen var komin „i Forretningar" i Dag. Han vilde
høyre um Enok kunde ha Bruk for ein Huslærar
kannhende. „Eg høyrer du hev fengi nok av det
som Folk her kallar Skule," sa han; „og daa eg just
hev fritt i nokre Vikur no, so kunde det høva godt
kanskje."

Ja —" ; Enok drog paa det.

Han visste at Olsen var dyr. Men naar Gud sende
Mannen hit, so var det kannhende hans Vilje. Ein
kunde slaa seg ihop med han Per der nord; so vart
det kje so vondt dyrt likevel. Hans eigi Skuling gjekk
det smaatt med, det var sant; lite Stundir vart det;
og denne stakkars Gunnar’en med sin Uhug til Boki
. . . det var vel gali at han gjekk soleis lenger. „Kva
meiner du, Anna?"

Anna talde til av beste Magt. Baade Gunnar og
Serina stod til atters for sine Jamnaldringar; og um me
kunde forsvara aa lata henne Jorina gaa med so lite
Skule . . .

Det meinte ho skulde hjelpe; og det hjelpte. Dagen
etter sat Borni hans Enok paa Skulebenken; dei hans
Per der nord var med.

Glad var Gunnar. No fekk han gange
sundags-klædd! Og so var det Fristundine. Daa tumla han
seg reint villt. Fangtokst og slogst og ylte i høgan
Sky, og fann paa alle Slags Fantestykke. Serleg leid
var han med henne Olina hans Per; lugga og slog
henne; kneip henne i Armane og stakk henne med
Naalir; stundom kasta han henne i Bakken og drog
henne rundt etter Føtane; ho laut klaga til Olsen.
Det var reint rart, so vill han hadde vorti; han var
verre enn alle ihop.

Elles gjekk det godt. Olsen var glup til aa halde
Skule naar han hadde dei gode Ridine sine; han fekk

Fang-takast: brjotast.

S Garborg. IV.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free