Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
129 FRED
hjelpande Tukt, den du nok vil hava meir godt av enn
av alle dei sæle Dagane paa Tabor." „Du kann vera
trygg for, at Husfolke ditt gjeng ikkje fortapt; det er
berre Tidi og Timen det spyrst um ; og der vil Gud
for di eigi Skuld, at du skal vente og drygje. Som
Abraham venta i mange lange Aar paa Isak, so kann
du og faa vente mang ein Dag; ja kannhende du ikkje
fær sjaa det sjølv dessmeir, at Borni dine kjem til
Frelsaren. Men du skal beda og halde ut, trygg i
Trui paa at hans Tid kjem; og at hans Tid nettupp
er den rette."
Det ljosna for han Enok. Han vart vaat i Augo og
tok Presten i Handi. „Takk, Far; Takk ..."
Sidan tala Presten med han um ymse Ting. „Selja
alt ditt og gjeva det til dei fatige? — Ja dersom du
ikkje paa annan Maate kan rive deg laus ifraa Verdi.
Men kann du det; kann du bruka Guds Gaavur berre
som ein Forvaltar, til hans Ære og Næstens Gagn —.
Trur du at Gud plent vil ha Verdensborn til aa stelle
med hans gode Ting her paa Jordi? — Det er ikkje
Rikdomen som er faarleg; Spursmaale er, um Hjarta
vaart heng fast ved Rikdomen."
Ja; dette var sant. Gudskjelov. No kunde han slaa
seg til Ro; her sat Presten sjølv og tala paa Guds
Vegnir . . . Rive seg laus? jauvisst kunde han rive
seg laus; han hadde rivi seg laus . . . ikkje meir um
det no. Desse „indre Røystir" kunde likso godt vera
av Sattan, som Presten sagde.
Daa Enok gjekk, takka Presten han for at han hadde
hjelpt han so godt i Fatigkommissjonen sist, i denne
Saki hans Fante-Tomas. „No skal det gaa," sa Meier;
„og det kann eg mest takke deg fyri; og ikkje berre
eg takkar deg; men eg kann helse deg Takk fraa
Eilert Sundt og fraa alle andre Vénir av dette
stakkars forkomne Fantefolke; ja Takk fraa heile
Sam-funde. Og no maa eg segja deg det, at anten du
likar det eller ikkje, so vil eg no freiste aa faa deg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>