Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
120
FRED
inn i Skulekommissjonen; me hev eit stort og vandt
Arbeid for oss der no, og eg vilde gjerne hava ein
so upplyst og sant kristeleg Mann som deg med meg
i det Arbeide."
Enok gjekk heim letta og sterk, med Hügen full av
nye, friske Tankar. Og han takka Gud av Hjartans
Grunn; „Takk, Takk, kjære Far, — for ditt heilage
Lære-Embætte!"
XVII.
Sundagen etter hende det ein underleg Ting. Enok
klædde seg og vilde til Kyrkja.
Anna torde kje tru det med same; „det er daa
kje i Dag, me skal til Alters?" Han svara: „skulde
me kje søkje ein god Vén utan kvar Gong han held
Gjestebod?" Og han vedgjekk, at han hadde mistydt
Guds Vilje i denne Saki.
Anna kjende som ei Letning i Lufti. For fyrste
Gongen paa alle desse Aari hadde ho no høyrt det
Orde av han Enok: eg hev misteki meg. Det maatte
tyde noko. Kannhende det verste var yvi-stridt no.
Gunnar og Carolus vart so glade dei kunde mest
ikkje styre seg: no fekk dei fritt! Men Gleda vende
seg til Sorg. Dei laut med til Kyrkja.
Gunnar vreid seg jammerleg. Han vart so sur og
vond i Andlite at det var stygt aa sjaa. Far hans vart
arg. „Sjaa; sjaa kor han trutnar!" sagde han. „Hev
du set slikt eit Uliøyra? Er det nokon som vil vita
kor stygg Syndi er, so kann han berre sjaa paa han
Gunnar no. Og det berre av di han skal faa vera
med i Guds Tempel!" —- Han sukka.
So kvesste han i med sitt harde Maal: „no skundar
du deg!" — Gunnar kjende det Mæle. Han drog seg
i Veg. Men so motstrævande seint, at det var som
han skulde „dra eit Haartög etter ei saar Rauv", som
Far hans sagde.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>