- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
121

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

1 121

Men Serina fekk vera heime; Huse kunde kje staa
tomt. Kann vita det; alltid skulde det laga seg godt
for henne Serina!

Det var graakaldt og ein bitande surSnøvind; Anna
rugga seg so inn at sistpaa sat ho i Kjerresæte som
ein stor svart Klædetull. Gunnar skulde stande
attan-paa; han kom i sine blaae Vadmaalsklæde med
raud-striput Verkensvest og Halskrage og kjende seg fin; i
Dag kunde ho Olina hans Per gjerne sjaa han! —
„Men du kann daa kje gaa so tunnklædd," sagde
Enok; „du frys forderva"; han sprang inni Gangen og
kom ut att med ei av dei store gamle Trøyune sine.
„Sjaa her; tak paa deg den." Gunnar vilde ikkje.
„No? kva er det no?" — „Uff ... ho er so stygg."
„Stygg? Høh. Hev du høyrt slikt! Er kje Ungen
alt so full av Verdens Faafengd . . . Soh! — Eller
vil du plent ha Stryk idag?" — „Du kann daa vita
du maa ha Klæde paa deg," jamna Mor hans. Gunnar
kjende seg svikin paa alle Kantar. Han banna for
seg sjølv, men gav seg; kraup so uppi Kjerra sur og
harm. „Dægerens Far . . . Alltid skal eg sjaa ut
som Inkje-Folk!"

„So i Guds Namn," sagde Enok; „gakk no Brunka!"
Han gav henne av Taumen, og ho trilta i Veg, med
mange smaae lystige Salutar gjenom Bakporten. —

— Etter den Tid var Enok so viss i Kyrkja som
Presten.

Han vandra paa Kyrkjevegen tagali og tankefull; me
skulde „forvara vaar Fot, naar me gjekk til Guds Hus".
Var det einkvar som helsa og gav seg i Samtale med
han, strøymde Gudsord fraa hans Munn, so at dei
som kom berre av Forvitnad, dei tagna og drog seg
undan.

Stundom raaka han Nikodemus’ar, slike som heldt
seg til Herren i Stilla, um dei ikkje torde segja
Verdi fraa seg heilt; dei freista han aa styrkje og rett-

9 - Garborg. IV.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free