Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
122
FRED
leide. Men Gruvlarane som gjekk og vilde skyna
Guds Løyndomar, og dermed ofte kom inn i baade
Hugsott og Rangmeiningar, dei viste han fraa seg
heller stutt. „Skynar du ikkje at Gud kann vera tri i
ein?" sagde han til Tobias Traadal; „bed til Gud at
han gjev deg Trui; og naar du hev lært aa tru so
vil du læra aa skyna au; ’dersom I tro,’ stend det, ’da
skulle I se Guds Herlighed’!"
Men naar han saag paa alt det nye som trengde seg
inn i Bygdom, Stas og Fjas og Faafengd av alle Slag,
daa vart han tekin av heilag Uppgløding og tala um
Straffedomar og Guds Vreide. Her gjekk Kvinnfolki
og fiffa med Silkeplögg og Orliangskjolar, og Karane
med nymotens Hattar og Klokkekjedur av Sylv ; og rundt
um paa Gardane sette Folk upp store gilde Hus og
maala dei kvite so dei skein yvi Land, og køyrde med
Karjolar og Skeisur som smaae Storkarar. Og den
eine etter den andre raadde seg til av desse nye
Plogane som Møller paa Myre hadde ført inn; liksom
det ikkje var Guds Signing det galdt um, men gilde
Greidur; ja der var dei som fekk seg Hakkmaskinar
og Treskjemaskinar. Det kunde koma den Dagen daa
dei fekk graate yvi Faafengdi si, og daa Gud vilde vise
deim at han lét seg ikkje spotte.
Gunnar laut fylgje han Fot og Fet; og han gjekk og
skjemdest, for Far hans ikkje var som anna Folk.
Tilmed i Klædebunad skilde han seg ut; dette Vadmaale
av svart Ull skar so stygt av i det brune. Sine eigne
Klæde var kje Gunnar heller nøgd med. Dei var
stygge, det saag han no; for smaae og for stutte var
dei baade i Ermane og med Føtane; Skorne var det
ikkje rødande um; for deim hadde han Far sjølv gjort.
Alltid skulde det vera so stygt, det han Far gjorde.
Naar han Carolus var med greidde det seg endaa;
men Carolus lagde seg heime stundom. Han hadde
slikt eit Lag med aa gjera seg sjuk. Kneip det, spydde
Skeise (Chaise): finare Stolkjerre.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>