- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
123

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

1 123

han so det holka or han. Og naar han Far kom og
sagde at han „maatte beda", so kunde han svara so
godt: „ja det skal eg; og De maa beda for meg De
au, Far; for dette er nok Vaarherre som vil straffa
meg." Gunnar kunde ikkje gjera seg sjuk. Og um
han var sjuk. so stod han upp likevel; det var so
ufysi naar han Far kom og saag paa han, og stod og
stirde og spurde kva vondt han no hadde gjort. „For
Vaarherre straffar deg kje for inginting maa du tru,
Gunnar!" —

— Ein annan forunderleg Ting hende: Borni skulde
faa gange i Skulen att.

Den galne Forklaaringi var kje i Bruk lenger. Og
det var ikkje rett aa skilja seg ut. Det kunde løyne
seg Faafengd i det au, sagde han Enok. Den nye
Læraren var ein aalvorsleg og sætande Mann; og Borni
hadde kje godt av aa gange her Heimfødingar.

Anna var so glad som ho skulde ha fengi Gull.

Gunnar lika seg au. Men endaa gladare vart han
daa han fekk høyre, at Far hans var innvald i
Skule-kommissjonen. So fekk han fleire Dagar frie.

— Skulen kom. Det viste seg, at Tønes Tualand
paa sin stilslege Maate var ein glup Skulemeistar.

Han var svært ung, og ikkje stor; dei lange
Knikt-ane fraa Storbrekke og Heialand kunde snart ha gjort
uppum han, hadde dei vilja. Men det gjekk so stilt
og vent at det var ei Syn. Og endaa brüka Tønes
korkje Linjal eller Ris; og ikkje noko vidare Munn
heller. Den han var mest etter var han Gunnar, som
alltid var so reint urimeleg vill naar han kom saman
med andre Born.

Men Tønes innførde ymse nye Skikkar i Skulen;
serleg var det ein Ting ho Anna hadde imot han fyri.

Han bytte Skulen sund i „Klassur" ; kvar Klasse
skulde fylgjast aat baade i Leksur og alt; og det vart
daa mykje strengare med Skulegonga. Den som var
burte ein Dag vart kje lenger høyrd serskilt; han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free