- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
124

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

124

FRED

maatte fylgje Klassa like godt. Dei Borni som laut
vera mykje heime fekk paa den Maaten lite Gagn av
Skulen; men Vondord fekk dei, og „Anmerkningar" i
Prottekolen, og i desse „Karaterbøkene" dei no skulde
hava; og det kunde koma svært ille med, naar dei
sidan skulde for Presten. Anna tala med Skulemeistaren
um dette; men han sagde berre at det var „Lovi".
Det var komi ei ny Skulelov no, lét han; og den laut
me til aa gjenomføre her au. Men etter den Lovi var
Borni pligtige til aa gange i Skule. Foreldri kunde
endaa faa Bot, um dei heldt Borni heime utan i
Sjukdoms Tilfelle.

Dette totte Anna var urimelegt. Skulde me kje
raade for vaare eigne Born heller no?

Um ho skulde vera nøydd til aa sende deim av
Garde kvar Dag i altslags Ver og Føre, og dei daa
skulde sitja i Skulen heile Dagen vaate paa Føtane og
kalde um Knéi, so kunde ho kje vita Ord av fyrr dei
var helselause. Helst ho Serina stakkar, som
slett-ikkje var sterk. „Lovlegt Forfall" var det kje fyrr dei
var sjuke; men daa kunde det vera for seint daa. Ho
Anna totte Skulen var reint som umskapt for henne
etter dette.

Fyrr hadde han vori ei Hjelp; no vart han ei Tvang;
han kom med Lensmann og Lovmagt og gjorde oss
umyndige i vaare eigne Hus; um ho aldri so mykje
kunde turve henne Serina heime ein Dag, so skulde
denne Husmannssonen fraa Ramstadheidi kunne koma
og segja „versogod!" og taka Borni fraa henne. Ho
kjende seg avsett, ærekrenkt; og ho lika kje Skulen
lenger. Berre sjeldan sat ho inne og høyrde paa no;
det kunde vera stundom naar dei song; for han Tønes
var so sværande god til aa syngje.

Det var rart med den som hadde lært. Han hadde
ein annan Sving i sjølve Mæle enn dei gamle hadde
havt; og so kunde han syngje piriano. Daa song han
so .smaatt daa. Men naar han sette i, so var der eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free