- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
125

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

1 125

Maal i den vesle Skrotten, so ein kunde høyre han
lang Veg. Han song med Borni mest kvar Dag, og
lærde deim mykje nytt og rart; noko heitte Skala
og Triklang og var berre upp og ned so ein kunde
mest læ; men so lærde han deim au noko som hadde
Namn av Nasjonalsongar, — slike som „Aftensolen
smiler", „Bækken gaar i Engen" o. s. b. Enok
strid-dest med han um desse Songane, som han ikkje lika.
Men Tønes sagde at dei var songne i alle Skular no,
og at upplyste Folk ikkje saag noko vondt i deim.

— Anna skulde faa høvre verre Ting enn det um
Skulepligti.

Me skulde faa fast Skule! høyrdest det ut til ein
Kveld. Dei vilde tvinge oss til aa sende Borni reint
ifraa oss. Sende deim av til ein framand Mann, som
skulde hava deim for seg sjølve i eit serskilt Hus, der
inkje anna Folk skulde gange. Der kunde han prente
inn i deim kva han vilde daa.

Og Enok, som elles var so imot alt nytt, han var
med paa dette! Vart Folk umskapte naar dei kom i
Skulekommissjonen ?

Tønes var so forhippa paa denne Fastskulen at det
var ulidande. Og han gjølte for han Enok so det var
mest leidt. „Ein so upplyst Mann"; „den likaste, me
hev i Skulekommissjonen" . . . Enok varde seg nok;
men det var vel kje fritt anna han lika det. Og alt
det Vase som Tønes kom med til Grunnar; det var
so urolegt for Skulen i Stogur der Folk budde; der
var ofte ikkje god Luft heller ... ho Anna hadde so
nær spurt, korleis Lufti var hjaa han Torkjell sørpaa
Ramstadheidi. Og Enok sat som ein Dott og sagde
Ha og Ja — —

„Men naar det no ein Gong," tok ho Anna i, „er
so stelt at me hev Umgangsskule, — so er det vel
Ein som vil ha det so daa, veit eg?"

Den unge Skulemeistaren berre vreid paa seg.
— „Etter den nye Skulelovi," svara Enok, „skal

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0135.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free