- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
126

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126

FRED

det helst vera fast Skule alle Stadir no. So han hev
vel set at det turvtest eit Umbrøyte."

Aa, var det denne nye Lovi her au? Kven kunde
ha Rett til aa gjeva slike Lovir?

„Men um det no var ein Skuleineistar som var so
vond i seg, at han vilde innføra galne Lærdomar eller
linna paa anna gale" . . .

Skulemeistaren mylte.

„Me hev baade Presten og ein Tilsynsmann som
skal sjaa etter det. Elles kan Foreldri sjølve koma og
høyra paa Undervisningi naar dei so synest."

„Aa, — me skal daa ha Rett til det? Eg trudde
mest me skulde vera for simple til det au, eg."

„Og so er der no Ein der uppe som vil sjaa etter,
at Orde vert forkynt purt og reint ibland oss . . . naar
me bed han um det. — No skai me venda oss til
honom og takka for alt godt i Dag"; Enok gjekk aat
Hylla og tok Salmebøkane.

„Og kanskje Læraren vaar vil vera so gild aa vera
Forsongar for oss, sidan me Lev deg her?"

Tønes raudna litegrand og svara Ja.

XVIII.

Det er Ettermiddag; Skulen hev slutta. Han sluttar
alltid so tidleg, han Tønes.

Læraren sit øvst ved det lange Skuleborde og
røykjer; han hev ei Bok framfyri seg. Carolus klengjer
seg upptil han med eit Reknestykke han vil ha Hjelp
i; skal vel paa den Maaten gjera seg gild for
Skulemeistaren.

Paa Benken framanfor Borde sit Fante-Tomas. Han
er komin i si Stilling og Betydning som Far, til aa
sjaa um Son sin, læt han um.

Men i Grunnen var det den nye Læraren, han vilde
freiste seg med. Det skulde vera ein klok Kar, hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0136.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free