- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
128

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

128

FRED

Handferd og ymis Vridking med Akslir og Kropp eit
Stykkje Raudkrit upp or Brok-Lümma; det gav han
seg til aa teikne med paa eit Stolesæte.

„Dette er Verden," sagde Fante-Tomas.

„Ho er her forestilt i Bilæte og Liknelse av noko
som skal vera ein Brunn. Men i den Brunnen er
ingin Botn; det gjeng beint til Avgrunns med ein
Gong; og daa er det ingin som veit meir." Han
glytte burtpaa Skulemeistaren; undrast paa um denne
kunde vilja segja noko; men han berre nikka.

„Upp or denne Brunnen sting det seg ein lang
Stake. Paa Toppen av denne Staken ligg ein Planke
— soleis; tvers yvi Brunnen. Den Planken er heller
smal, og ikkje fullt so lang som Brunnen er breid i
Tvermaal. Utanum Planken kan ingin koma. Kjem
du berre so mykje som ein Strek eller ein Tøddel
utanfor den, so ber det til Höls med ein Gong, og so
er det kje meir.

„Og no maa du fylgja godt med," sagde Tomas.

„Her ser du," han gjorde ein Prikk; „her, paa den
eine Enden av Planken, er Kongen. Og her"
han gjorde ein ny Prikk - „er Statsraadet So kjem
Stiftamtmannen"; ny Prikk. „Og so Bispen. Og so
Amtmannen. Og so Futen. Og so Skrivaren. Og
Presten. Og so Kaupmannen. Og so Lensmannen."
Ein Prikk for kvar. „Alle etter sin Orden og Stand
og Innstiftelse, so som Gud hev sett dei i Verdi.
Men etter Lensmannen kjem Bonden. Og etter
Bonden, der, paa den ytste Enden av Planken, der er
Arbeidsmannen. Han sit paa den eine Enden, og
Kongen paa den andre. Der hev du Verdi."

Tomas saag paa Skulemeistaren; han slog med
Nakken og sputta svart. „Ja-ja," sagde Skulemeistaren.

„No maa du hugsa vel paa," heldt Tomas fram,
„at ingin kann koma utanfor Planken. Uppe paa den
sit dei alle, kvar paa sin Plass og Stad, etter som
Umstendigheitine og Maalestokken er i denne Verdi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free