- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
129

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

1 129

„So sit dei der og balar og trabellerar, Kongen med
sitt og Statsraaden med sitt og Stiftamtmannen med
sitt og Bispen med sitt, og so nedetter alt til
Arbeidsmannen, som maa bala med sitt; for den eine vil
berga Live, og den andre vil berga Live, og det vil
dei alle, som rimelegt og rett er. No spyrst det kven
som kann klara seg; for kvar maa klara seg sjølv;
der er ingin aa faa Hjelp av.

„No maa du passa paa.

„Der uppe sit Kongen; han hev tie Dalar um Dagen.
So kjem Statsraaden; han hev fem. Meir kann kje
han ha mot Kongen. So kjem Stiftamtmannen; han
hev tri; so Bispen; han hev tvo; og so nedetter,
mindre og mindre. Lensmannen hev fire Skilling Dagen;
Bonden berre tvo Skilling, Han freistar Live so vidt.
Men so kjem Arbeidaren; og han hev ein Skilling.
Han kann kje berga Live. Han maa svelta ihel.

„Men no er det Underfundiheiti: han vil ikkje svelta
ihel. Kvi skal han det, han meir enn dei andre?
Er kje eg skapt i Guds Bilsete liksom dei; og hev kje
Guds Son utløyst og frikjøpt meg liksom dei; og gjeng
kje eg til Slutt i samme Holken eller Gelænderen som
Kongen og Bispen og heile Vidtløftegheiti? — tenkjer
Arbeidsmannen. So kjem han til Slutt til den
Betenkning og Avgjørelse, at han vil liva, han som dei andre.

„Han gjeng til Bonden og segjer: eg vil ha
halvannan Skilling um Dagen; for eg kann kje liva med
ein. Bonden svarar som so: far til Helvite! du fær
ingin halvannan Skilling.

„Arbeidsmannen gjeng til Lensmannen. Lensmannen
tek Sabelen sin og segjer umentrent som so : gakk til
ditt Arbeid, din Hund! eller kanskje du vil i Hullet
for Løsgjængeri?

„So gjeng Arbeidsmannen til Kaupmannen. Men
Kaupmannen tek Alnemaale og viser han Døri. Vi
har nok med oss sjølve, segjer Kaupmannen.

„Arbeidsmannen til Presten. Presten er baade blid

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0139.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free