- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
131

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

1 131

gjeng. Etter Tingenes Orden og Innstiftels vil Planken
til Slutt vera rotin. Gjenomtrafsande rotin. Ikkje frisk
Flis att. So ryk Planken sund yvi Miden, og beint til
Hols bér det med heile Vidtløftegheiti; til Hols med
Arbeidsmannen og Bonden og Lensmannen og
Kaup-mannen og Presten og Futen og Skrivaren og
Amtmannen og Bispen og Statsraaden og Kongen og Kruna
og alt som finst; og so er der kje meir. Hemm! Kann
du klara meg den Undersøkelsen?"

Andlite paa Tomas hadde fengi sin rette Tatersvip,
med dei lause meinsløge Drag og dei glyrande,
glidande Augo. Skulemeistaren svara kje større; sagde
at Saki var kje so greid. Han brydde seg kje um aa
antrast med han Fante-Tomas.

„Nei ho er kje greid!" sagde Tomas og slog med
Nakken. „Ikkje ein Gong Presten Meier visste noko
aa svara paa desse Aspektine. Han berre bad meg, at
eg ikkje maatte grublisera altfor mykje paa so
vanskelege Umstendigheitir; ’det er større Folk enn du som
hev teke Skade av slikt’, — sagde Presten Meier."

„Det er vel so," svara Skulemeistaren. „Hæ, hæ,
hæ," lo Carolus; „du er ein god ein, du Far!"

Fante-Tomas mylte; og det vesle Hovude svinga
stolteleg paa sin magre Stylk; ein ny Kloking hadde
han i Dag maalbundi.

XIX.

Det vart ein god Vaar og ein fin Fyrisümar. Folk
gjekk og smilte til kvarandre og var snilde mot
kvarandre; vilde han halde seg som han no saag ut, kunde
me vente eit Krunaar.

Men ut-mot Jonsoktidir versna det. Væta minka av
og Hiten tok til; og det kom som ein Stur yvi Eng
og Aaker.

Folk gjekk og skygnde etter Teikni paa Himilen;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free