- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
132

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

132

FRED

kvar Kveld saag dei ut-i Have etter ein Regnbakke,
og kvar Morgon mot Fjellgarden etter ei Sky. Men
Skyine kvarv, og Bakkane i Have var Skodd; og Soli
steikte og brende som ein gloande Eldomn.

Vonine seig og seig; Folk ræddast og tagna. Lufti
stod som ein Moe, ein Eim, ein tett, brennande Dis;
der var ikkje eit Pust og ikkje eit Drag; alt livande
laag og geispa og tyrste og maatte forkomast.

Eng og Aaker raudna og kvitna. Myri vart til Voll
og Tjønnir og Votn til Fæn. Bekkir og Æar turka
burt; Smaafisken vart liggjande etter i Sanden og kovna.
Um det daa ikkje var Myrgrunn, so han kunde faa
grava seg ned.

Enok øvde seg i Tolmod med Guds Hjelp. Han
visste det var ei Røyning, og han visste at me skulde
ikkje bli røynde yvi vaar Magt. Gud fekk syte for
Mor-godagen. Det var kje so spelegt med desse jordiske
Ting, naar ein hadde sitt Liggjandefe i Himilen.

Og han fekk Naade til aa stande, endaa Djevelen
ofte var leid med han.

Mange høyrde etter, naar han paa Kyrkjevegen lagde
ut um denne Røyningi som Gud sende oss for vaare
Syndir. Me skulde umvende oss, men ikkje fæle; han
som mata Ravneungane og klædde Lilja paa Marki so
ho var gildare enn Kong Salomon, skulde kje han
kunna syte for oss au? Dei sukka no, dei som hadde
gjort Narr av han fyrr; dei ynskte dei kunde hava det
likso godt og trygt som han Enok Hove.

Ja soleis var det med Verdensborni. Naar det gjekk
godt, brauta dei og lo; men bar det imot, so sutra og
jamra dei og misste Mode. Men Gudsborni stod i
Livsens Hav som Fjell, like trygge i godt Vér som i
vondt; — berre me kunde halde fast paa Naaden.
Berre ikkje sleppe Frelsarhandi. „Ja haldt du meg
fast Herre! — for i meg sjølv er eg kraftlaus."

Hugen til Orde og Bøni var komin att, so han visste
at han livde. Og sjeldan var han utan Rettleiding i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free