Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 133
det han gjorde; han kjende seg dømd i seg sjølv med
Samtykke eller Tukt. Striden mot Sattan var strengare
enn fyrr; var han lat berre ein Augneblink, visste han
kje kvar han kunde finne seg att; kannhende midt
inn-i dei grovaste verdslege Tankane. Han maatte
stundom spyrja seg sjølv, um Guds Aand kunde bu i
eit Hjarta som var so uppfyllt av Synd og jordisk Sut.
Men Anden trøysta han, so han endaa i sine myrke
Stundir fekk kjenne Vitnemaale i seg, at han var
Guds Barn.
Til stor Hjelp og Trustyrkjing var det for han, naar
han saag at Gud kunde brüka han til Reidskap i
eitkvart; soleis saag han med Glede paa det Huse som
reiste seg no der sør i Ramstadheidi, og som han
hadde fengi hjelpt til med aa byggje: Huse hans Tomas.
Kven veit um det ikkje var som Presten sagde: at
Tidi var komi for Fantane no, og at Gud i sin Naade
her vilde fullføre eit stort Verk? Eit Naadeteikn var
det au at Gud hadde sett han inn i Skulestyre; naar
han det hadde gjort, so laut han hava som ei Tiltru til
han, ein Vilje til aa brüka han i Vingarden sin. „Aa
Gud! gjev meg Visdoms upplatne Augo, at eg kann
forvalta so høgt eit Kall vel!"
— So hadde og Gud hjelpt han til Rettes med noko
i Huse som stundom hadde pint han; og han tottest
paa ein sers tydeleg Maate sjaa Guds Finger her.
Det var i dette Tvilsmaale um Tenestgjente. Han
saag at ho Anna hadde det stridt og ikkje var sterk;
men so var det Spursmaale, um det ikkje var Vantru
aa søkje Mannahjelp, og um det ikkje kunde vera
Meiningi at ho Anna skulde under Tukt ei Tid, —
um ho paa den Maaten kunde koma til Umvending.
Men so hende det tvo Ting.
Fyrst tok Gud Jorina fraa deim. Mor hennar vilde
hava henne heim; eldste Dotteri hadde fengi Teneste.
Nokre Dagar seinare kom han Rasmiss Skare, Halvbror
hennar Anna, ein utarma Gardmann som hadde fengi
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>