Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
134
FRED
Hjelp av Enok stundom, og mest bad deim um aa taka
Dotter hans til Tenestgjente. Ho Maren gjekk berre
i Vegen heime, sagde han. Daa forstod Enok Guds
Vilje; og han tok imot Gjenta med Takk. So varmt
priste han Gud for denne Styringi hans, denne
forunderleg tydelege Styringi, — at ho Anna snudde seg
burt; ho kjende at ho raudna.
Dette Aare bad han um „godt og tjenligt Veir".
Som Presten sagde: Gud vilde me skulde koma til
honom med alle Sutine vaare. Liksom gode Born:
dei røder med Far sin um alt, endaa um det minste
og styvnaste. Daa det leid yvi Jonsok fekk dei
litegrand Regn, so vidt Engi retta seg nokorlunde; so
fekk me elles trøyste oss med, at Gud kunde faa lite
til aa naa likso langt som mykje. —
— Dei stod i Aarvollbakken og gnog og slo millom
Bærtuvur og mosegrodde Steinar.
Det var ein straalande fin, frisk Morgon; Klokka
kunde vera som fem. Og Ljæane beit godt i den
tette Doggi.
Men der var lite aa slaa. Dei kunde so vidt skilja
millom det som slegi var og det som ikkje var slegi.
„Det betalar kje Kvassteinen!" skvatra Torkjell
Tualand, Slaattaren; han stod og brynte Ljaaen sin.
„Berre Jonsokblom og Smaastein; skulde aldri ha set
slikt. Høh!"
Enok stod og skar ifraa ei Steinrøys; so var det aa
kvetja for honom med. Klingande friskt song Bryningi
ut i Morgonlufti med sin glade Laatt. Og Fuglane song
med. Lerka tirla av sprengfullt Bryst; og det anga
sterkt og søtt av nyslegi Vollhøy.
„Me skal kje finna aat Vaarherre, Torkjell; det er
han som sender baade Sol og Regn."
„Ja men Hævd maa me skaffa sjølve," meinte
Tua-land’en. „Hadde du dyrka upp dette Brote som du
hev gjort med det andre, so hadde du fengi Høy her
au." Ljaaen tok til aa suse i Bakken med stutte,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>