Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 135
snare Hogg; „me skulde brüka Stutt-Orv paa slik
Skarve-Eng," knurra Torkjell.
Enok høyrde kje større paa han. Han stod og saag
etter Gunnar og Carolus, som skulde fylgjast med dei
vaksne i Aar; det gjekk best med han Gunnar, totte
Enok.
Carolus tok det so maklegt at det var leidt aa sjaa.
Han stod og brynte i Einingi; so fann han paa Ærend
hit eller dit, so han kunde faa kvile; og um han létst
arbeide au, so vart det inginting av; han stod berre
og dabba paa same Flekken.
Øve seg i Tolmod, øve seg i Tölmod . . .
Gunnar kom til Far sin, skulde kvetja; han hadde
fengi slikt eit stygt Steinhogg i Ljaaen sin.
„Naa?" spurde Enok; „gjeng det kje godt? — Eg
tykkjer du er glupare du enn . . . den som større
skulde vera." Gunnar vart raud. „Ja der kann du
sjaa," sagde Enok. „Du totte nok det var stridt aa
staa upp; men du ser Han hjelper deg." Guten vreid
seg fraa Far sin med ei arg Geiping.
— „Ja ikkje skulde det vera eg som jaga Ungen
upp Klokka tri um Morgonen!" sagde Torkjell; „slike
Karar treng Svevn, skal det verta noko av dei."
„Daa Jesus var tolv Aar gamall, sat han miilom
dei skriftkloke i Temple," svara Enok stutt. „Berre
haldt deg til Gud du, so vert du nok sterk;
Morgonstund hev Gull i Munn, veit du."
Det vart arbeidt eit Par Timar utan eit Ord. So
kom ho Maren, Gjenta, ruslande med Riva og Spøte
og skulde breide.
„Godmör’n, sa Bruri um Kvelden!" skjemta Torkjell.
„Aa ja," svara Maren, „eg er noko sein i Dag; men
ikkje for di eg hev havt nokor Brurenott ikkje!" Ho
var eit lite rundt Jaaleting paa nokre og tjuge Aar.
„Ja Pigerne skal me kje tru!" — Torkjell skjekkte
paa Hovude og smaablinksa.
„Aa du skulde skjemmast, Torkjell!" skjellte Maren;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>