Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
138
FRED
„De maa orsaka meg," sagde han; „men eg er kje
so svært helsesterk; og naar eg ikkje fær Mat, so vert
eg so arm og klein, at eg kann lite røra meg."
„Kjenn!" skvatra Torkjell; „det var nok ikkje i fyrre
Viko at han Carolus kom til!"
„Naar han Gunnar held ut," byrja Enok; men han
tagna att. Denne Fanten hadde ein Maate aa svara
paa —. Noko etter heldt han fram:
„Er det so at du vil ha Løn, Carolus, so fær du
nok ta likare i. — Stor og lang som du no vert, so
ventar vel . . . Far din au, at der skulde vera . . .
Ære i deg!"
„Det var godt at De nemnde han Far. Han ventar
visst minst av alt, at eg skulde svelta paa Hove!" —
Carolus var raud; det blinka heller kvasst i Augo
hans.
Enok tagna; han var graa i Andlite.
Gud var imot han her au. Carolus var Fant som
han hadde vori.
XX.
Sundag.
Dei ligg noko lenger enn vanleg; Klokka umlag
seks ris dei upp.
Enok kann ikkje lata vera aa sjaa burtetter Himilen;
han bad so vent um Regn igaarkveld. Det er klaart
og fint all Stad.
Heile den vide Himilen er berre Sol og mjuk rein
Blaaning, fraa Fjellgarden til Havs. I Sudvest eit Par
kvite lette Strimur som Fjør uppetter Kvelven. Den
vesle Tetten uti Have er inginting; berre Toke.
Den siste lette Skoddestrima stig fraa Seve i
Heialands-vatne og blaanar burt i Luft. Det er morgonfriskt og
svalt; men Soli tek til aa verme. Yvi Myrane tumlar
Vibeflokkar seg kvitglimande i Soli med sine eldfulle
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>