- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
139

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

1 139

Kvinneskrik. Lerka stig og stig til ho kjem mest burt;
so heng ho der uppe og syng og svingar.

Büje vert utslept. Like eins Smalen, som Enok
ikkje hev sent aat Heidi i Aar, av di dei tvo minste
Gjentungane no er so store at dei kann gjæte. Hoppande,
bæktande, rautande dansar Fenaden i Veg ut
Aarvoll-vegen aat Marki. Kyr, Kalvar, Sauir og Lomb um
kvarandre leikar og smaastangast, bykser og spring;
Kalvane er etter Sauine og skræmer deim; unge Kvigur
driv Elskhugs-leik; Bjøllur singlar og syng; alt er Sümar
og Glede.

Carolus er Gjætar um Sundagen; han fylgjer
Fenaden slengjeleg og lang. Ein Randiestav hev han i
Handi, og han hoppar og tverkastar seg liksom Kalvane.
So freistar han aa syngje :

„Aa kjære mina Kjavoar,
aa kjærar inte saa —!"

men det brest for han; han er kje ferdug med
Maal-skiftingi.

Langt ute i Vest skin det bleike Have. Brune og
kvite Segl lyser der ute i Morgonbrisen; ytst i
Syns-randi ligg den svarte Røykstrima etter eit Eimskip.
Carolus hoppar høgt. Kven veit; næste Sundag kann
eg vera der ute!

Han hev kje anna paa seg enn ei Brok, ei
blaa-striput Bomullskjorte og ei lita flat Luve. Men han
kunde ha Hug til aa kaste alt og hoppe nakin um
millom Kalvar og Lomb liksom Adam i Paradis.

Han driv Smalen nordum Kvernhuse og ned aat Myri.
Der er Mat; og litegrand Svaling au, som kann halde
Kleggen burte. Smalen held seg i Lyngbakken
upp-ikring Kvernhuse; hari likar kje Myrgras, han. Det
kann vel hende at han tenkjer paa Aarvoll-Hagen au.
Men det fær han no spyrja meg um, tenkjer Carolus.

Büj: Buskap. — Smale (Kollektiv): Saueflokk. — Kjavo
(Fantemaal): Barn. — Kjæra: trættast; slaast.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0149.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free