- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
140

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

140

FRED

For det fyrste er her Ro. Og Carolus legg paa
Myri og ser etter Vibereir. I—reh ! I—reh ! I—ærih!
Vibur i Mengd flaksar og skrik. Lufti er full av
Angar; frisk, skarp Daam av ungt Lyng, Markblom,
Bærlauv, Bukkeblad og Pors blandar seg med tung
søt Eim av rotnande Myr; den varme Lufti vert som
so svevnsæl. Roleg driv han fraa Tuve til Tuve;
andar i djupe, lange Drag; aah, so godt; aah, so
godt . . .

Vibeskrik fraa Myri og Helunpiping fraa Lyngbakken
blandar seg med kvarandre som Felespel og
Fløyte-laat. Ein stor myrk Heigre flyg baskande upp og set
Stemne mot Heialandsvatne.

Rivande sinte, galnare og galnare flaksar Vibune
um Hovude hans Carolus i Krok og i Ring, skrik og
skrik og tverkastar seg i Lufti. Stundom hev han
deim like innum Øyro paa seg; det læt i Vengine med
sterke Rikte-Ljod, og han kjenner som Veift og Pust i
Nakken. Hæ-hæ. Stundom slær dei ned frammanfor
han, tverkastar seg, tek Sigte paa Augo hans og kjem
farande beint imot han, men svingar av naar dei er so
nære, at han ser Blinken i Augo deira. Hæ-hæ; det
er løgje. So ertar han deim. Kastar etter deim med
Torv og Kulort og kva han finn; dess galnare vert dei.

Det vermest i Lufti, og Mye stikk; Carolus vert leid
og vil slutte. Her finst ikkje Egg; Ungane er vel alt
utkropne. — Jau pigejor; der var eit Reir. Fire store
Egg. Aa, so vene som dei er med alle dei svarte
Smaaprikkane paa den lint grøngraabrune Botnen.
Men dei er vel legne. Han legg seg ned og tek deim
i Luva si; Vibune skrik som dei var fraa seg.
Burt-aat ei Grov gjeng han; der er eit Grand Vatn, so
vidt han kann symja eit Vibegg. Ja visst. Dei er
so legne at dei stend paa Smalenden. Ei Vibe er
etter han og vil mest hakke ut Augo paa ’n; stundom
stig ho ned paa Marki og kjem springande imot han
med flaksande breide Vengir som ho vilde jaga han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0150.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free