Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
142
FRED
Fuglane hev søkt Reire. Det blømande Lynge angar.
Carolus sig av i Draum.
— — Paa slike Dagar er Fantelive søtt. Dei ligg
burtetter Heiane og létar seg i Soli. Eit Grand paa
Flaska og ein Kortstokk. Tjeia ligg i Solbakken spak
og lat. — — Ja Buro vil eg kje vera lenger!
— Aa du Mor, du Mor, som tenkte at Buro-Tjeia
kunde vera noko for Fanteguten! — Ho er rædd meg,
ho Serina, etter den Dagen i Løo, daa eg vilde taka
henne um Halsen. Ei ven Gjente vert det: mjaa og
mjuk; blaae Augo; og so dei linne, fine Kinni med
sine søte Smilehol. Men henne kann eg kje vente paa.
— — Kanskje naar eg kom att og var Kaftein? og
ho var fri daa? — Kven veit? Kaftein Thomassen,
med h; Kaftein C. M. Thomassen . . .
Det vert leidt for han Gunnar. Men eg held kje ut
lenger. Han vert verre og verre, denne Heilag-Enok;
hæ-hæ. Og no, daa han Far ikkje er lenger burte . . .
Der ned fyrst. Og so til Byn. Og hyre meg. Og
gjeng det kje med ein Gong, so hev eg Heimen aa
ty meg til no. Til Byn i Morgo tidleg, fyrr
Heilag-Enok kann finne meg.
Carolus vert syvjin; ligg ei Stund og halvdormar;
høyrer Verdi kringum seg som ein lett, svevnug Sus.
Svimrande Ljos burtetter Bakkane. Kvit Solrøyk.
Blaafjelli som Eventyr langt, langt bak. Sus, Sus . . .
Bekkjesong og Sus. Bjølleklang . . .
Øvst upp-i Bakken stend det ein Mann. Han svingar
og svingar med lange Armar. Det er den rasande
Roland. Nei; det er han Far. Han stend og veiftar
og ropar. „Carolus!" Carolus ris av Svevnørska og
vil upp til Far sin; tykkjest enno sjaa han attmed
Steinen der uppe, og høyrer enno som ein Om etter
Rope hans: „Carolus!" „Ja!" — han hastar av Stad.
Med ein Gong er Far hans burte. Inginting aa sjaa.
Kvorvin som ei Syn i den gidrande Solflaumen. Ca-
Tjeia (Fantemaal): Gjente.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>