- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
149

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

1 149

s;jekk, stana han og gløymde seg burt; vart standande
paa same Flekken i lange Stundir liksom fastmana.
Helst mot Kvelden. Kom ho i Fjose og skulde mjølke,

— der stod han, stiv og still som ein Stein; kom ho
i Kjellaren, so kunde ho kje vita nokon Ting fyrr
han skilde seg ut for Augo hennar som ein svart Skugge
mot ein Vegg; ho kvakk stundom so ho fekk vondt av
det. Ein Gong kom ho yvi han i Kjøken; der stod
han og slengde med Armen og smikka med Fingrane
... det vart so forunderleg fælt; ho veikna burt i
Knéi og maatte setja seg; „aa nei men Herre Gud,
Enok, kva er det no?"

„Mh!" kvakk Enok; „var det noko? Kva er det?

— Hm; det var kje noko." Han samla seg att og
gjekk; gjekk sin Veg med hastande Stig; og ho høyrde
han smikka endaa ein Gong, daa han gjekk gjenom
Gangen.

— Ein Dag stod Enok i Smia og smidde
Hestsko-saum. Djevelen var etter han med ei hard Freisting.

Det stod for han so klaart som det var skrivi med
Eld: han var fallin ut or Naaden. Altfor lengi hadde
han vori paa Tabor; der hadde han somna; daa hadde
Djevelen snikt seg inn i Hjarta hans og sett seg til
der, forklædd som ein Ljosengel, so Enok ikkje skulde
merke hans Svik fyrr de"t var for seint. No hadde
han merka det; og no var det for seint. Domen hans
stod skrivin i Hebræarbreve 6: „Thi det er umuligt,
at de som en Gang ere blevne oplyste og have smagt
den himmelske Gave, og ere blevne delagtige i den
Helligaand, — og falde fra, — atter kunne fornyes
til Omvendelse." Det er umuligt!

Og Djevelen sagde til han: du kann likso godt
hengje deg upp, Enok; no kann du likso godt hengje
deg upp. Ha — ha; heng deg likso godt upp! —
lo Djevelen.

Enok vart tekin av ei Villrædsle. Han kasta seg
paa Kne attfor Smiestéde og skreik: „Herre Gud!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free