- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
150

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

150

FRED

Hjelp! Straf meg ikkje i din Vrede, tukt meg ikkje i
din Grumhed! Ver meg naadig! thi mine Ben ere
forfærdede! Hjelp! vend deg, Gud, og redd mi Sjæl;
for dine Pile sidde i meg, og din Haand er svar yvi
meg; der er intet sundt paa mit Legem; der er ingen
Fred i mine Ben for mine Synder; mine Synder gaa
over mit Hoved! de er blevne mig svare som en svar
Byrde! Sattan er etter meg som ei brølende Løve og
vil opsluge meg. Hjelp! hjelp! skunda deg og redd
mi Sjæl! at eg ikkje skal vera som dei som fer ned i
Gravi!"

Døri gjekk upp; ho Serina stakk Hovude inn: „han
Lars Nordbraut er komin ..." Døri small att, og
Serina til Sprangs; ho hadde sét Far sin paa Kne
attmed Smiestéde kvit og stygg, med Hendane upp mot
Take . . .

Men Enok reiste seg og saag mot Himilen; han fekk
Graat i Augo.

Bøni var høyrd. Gud vilde hjelpe. Ein røynd,
trufast Broder i Kristo hadde han sendt; den rette Mann
i den rette Stund ... „Aa Gud og Fader," sagde
han med bivrande Munn, „enno hev du daa kje reint
forkasta meg!"

XXII.

Vaaren var komin; Nordvesten tok si tyngjande
Hand burt ifraa Lande, og alt livna upp.

Lynge friska paa seg og Myrane grønka.
Heste-blomane glødde i Bakkane som brennande Ljos.
Styk-morblomen slog upp sine blaae Augo; bljuge, bedande
Barneaugo. Knoppar svall og sprang; Fuglar lokka og
leika. Borni kom heim fraa Mark og Myr so glade
at dei lo: „Vibo er kömo! Mor, Vibo er kömo!"

Istadenfor Nordvesten med sitt tunge Aalvor og sin
seige Stødleik kom den linne lettlynde Vaarvinden som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free