- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
151

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

1 151

blistra og blakra fraa alle Kantar og spela seg med
alt, med Bylgje og Blom, med Lauv og Lyng, med
Presteskjegg og med Gjentelokk, med Gravkransar og
med Brurstas. I denne fjasande Vaarhæsen turka dei
vaataste Fæn. Og alt som kunde gro grodde, og alt
som kunde æse æste; men det som var sjukt blautna
og svall og avla i seg sjølv Spirur og Kimar i Mylr
og Mengd til sin eigin Undergang.

— Enok stridde den gode Strid. Berre han fekk
tru at Gud ikkje reint hadde stengt si Naadedør, var
han so glad som han kunde vera.

Lars Nordbraut og Legda-Guri fortalde ’n, at no
fyrst hadde han vorti ein rett kristin; for no hadde
han fengi Mjuklynde. Og dei totte han skulde vera
fegin, ja byrg, at Gud hadde funni han verdig til aa
verte røynd i dei store Eldane.

Det var Enok au. Berre han kunde vera trygg.
Men han visste sjølv best kor det stod til i Hjarta
hans; og han gjekk i ein Otte som talma han jamt, at
han ikkje skulde faa Naade til aa stride den gode
Striden til Endes.

Denne Otten kalla Lars „den aandelege
Aarvaagen-hed"; Gud gjeve han hadde Rett. Ja det var vel so.
Men Freden? Det var det som var so vondt, at han
aldri meir fekk kjenne Freden.

Ei underleg Uro var komi yvi ’n ; han for fraa det
eine til det andre; søkte nytt og nytt ustanseleg; det
var som han rømde for sine eigne Tankar. Det klaare
Vitnemaale i seg sjølv um Guds Vilje og Guds
Meining hadde han ikkje lenger ; berre Orde maatte han
halde seg til. Men Orde var rikt, og hans aandelege
Syn dimt; gjorde han det eine, so var der eit Spraak
for det, og gjorde han det andre, so syntest der vera
eit Spraak for det au; det var ofte so han tottest gange
reint i Blindo.

Han freista med den evangeliske Fridomen som han
Lars tala um; lagde kje noko Lag lenger paa dei ytre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free