Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
152
FRED
Smaating. Anna fekk stelle som ho vilde; dei skikka
seg likt med Verdi baade i eitt og hitt. Men han totte
han hadde kjent seg tryggare fyrr, daa han berre beint
fram fylgde Andens Vitnemaal i sitt Hjarta.
Hans gamle faste Borg mot Djevelens Lokkingar,
Orde um aa ikkje syrgje, hadde dei og teki fraa han.
„Sorger ikke for i Morgen" var kje det same som „lat
vera aa tenkje paa i Morgen"; me skulde nok tenkje
fram, meinte Lars; me skulde berre ikkje tenkje med
„Sorg". Dette var visst rett. Og det var ei Letting
for Samvite au; Enok hadde sjølv sét at det ikkje var
Raad aa liva utan Umtanke. Men utryggare hadde
han vorti likevel, og veikare; aa skilja millom Umtanke
og „Sorg" var ikkje alltid so greidt; han fann seg
ned-tyngd av jordiske Sutir ofte. Og tenk um Brudgomen
kom og fann han sovande!
Utrygg, utrygg var det han var; utrygg og liksom
so aaleine. Kor skulde det gange um Djevelen sette
inn paa han no; han hadde liksom ingin Rygg. Ei
Trøyst var det at Lars vanka her; og Enok neita han
ikkje lenger Hus til Samlingar. Men endaa den beste
Menneskjehjelp, kva var den tess naar det galdt?
Ein fekk halde seg til, at det var so me skulde hava
det. Han kunde kje vente aa faa det annarleis enn
andre Guds Born. Ja det var faarlegt, sagde Presten,
aa vilja gange i denne søte Kjensla av Fred jamt, og
i Andens Forvissning. Sjaa no denne Søren Soma,
som fekk slikt Tilheng burtpaa Aase i seinare Tid, og
uppi Fjellbygdine; tala kje han au um Aandens
Forvissning. Og endaa var det ein Djevelens Profet av
verste Slag. Forkasta Barnedaapen, fornegta dei
kristelege gode Gjerningar, spaadde Domedag til den og
den visse Tid beint imot Guds Ord; for endaa-til med
dette aandelege Ægteskape, som nok var lite aandelegt
mang ein Gong. Men „Freden" hadde han! og
„Aandens Vidnesbyrd"! Nei; me fekk nok halde oss ti!
Orde. Og til Andens Vitnemaal i Kyrkja.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>