Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 153
Og so fekk me setja vaar Lit til Gud. Halde oss
fast i Frelsarhandi um det vart aldri so myrkt, baade
i oss og ikring oss. Dette var det vel Gud hadde
vilja vise han hin fyrste Kvelden au, med det
forunderleg store Naadeteikne sitt. Stole paa Gud og
ikkje gruvle. Halde seg i Einfald og Tru til
Barnelærdomen og Naaderaadine, og ikkje so mykje som
høyre paa Djevelen. Berre læ aat Djevelen ; berre vise
han paa Dør. „Sætter Satan an paa mig, som mit
Skjold jeg viser dig, dine Saar og Blodestrømme; strax
maa han tilbage rømme."
Ein annan vigtig Ting var det aa arbeide. Ikkje
Gruvlarar og Sjukingar vilde Gud hava, men friske,
gladeArbeids-mennar. GagnsVerk kravde han av sine Born; Trui maatte
vise seg i Gjerningar. I yrkjande Kjærleike hadde Trui
sitt Liv; me skulde vera gode Kyrkjemenner, gode
Borgarar og gode Kallsarbeidarar. Med friskt Arbeid fordreiv
ein Djevelen betre enn med Bøn, som Luther sagde;
Yrkjeløyse var i alle Meiningar Sattans Hovudgjerd.
— Enok arbeidde.
Presten, som med sann Kristinkjærleik var like blid,
endaa Enok stod imot han i Leseboksaki, fekk han til
aa halde Missjonssamlingar rundt um paa Gardane; der
sat han kvar Sundag Ettermiddag og las
„Missions-tidende" og samla Skillingar til det heilage Verk. I
det borgarlege fekk han au Arbeid nok; han kom inn
i Heradsstyre og i ymse Nemndir.
Ikkje mindre arbeidde han i sitt jordiske Kall. Han
tok til att med Nybrotsarbeide paa Aarvollen; hadde
mistydt Guds Vilje daa han slutta med det au. Saman
med Presten og Lensmann Aase tok han til aa halde
eit Jordbruksblad; og her fekk han sjaa, at han i
mange Maatar hadde drivi si Jord soleis, at Gud ikkje
kunde faa signe Arbeide hans, um han vilde. Og
Enok kaupte nymotens Plogar og Horvir og tok til
med Beinmjøl og mangt slikt som han fyrr hadde
fordømt; for me skulde brüka dei Raadine som Gud gav oss.
11 - Garborg. IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>