- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
154

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

154

FRED

— Det vart ein god Sümar med høvelegt Regn og
varm Sol.

Kannhende Gud vilde trøyste han etter den strenge
Tukti i desse siste tvo Aari. „No, daa du trur paa
meg um du ikkje ser meg, no vil eg nettupp vise deg
at eg er deg nære."

Godvére heldt seg. Det var reint ein Hugnad aa
gange ute og sjaa paa Aaker og Eng.

Fløyelsbrun og blank bylgja den unge Rügaakren i
Sümarvinden. Havren, som ikkje hadde ekst seg
enno, stod tung i Straae so han halvveges lagde seg,
saftig og djupt grøn so han mest blaana. Men
Tjukk-Engi breidde seg med Punt og Syre og Bivregras som
ein fin, raudskjengjut Silkeduk, her og der med Flekkir
av Blaaklokkur, Karve, smellande snøkvit Baliblom.

Fin og mjuk som Bomull kvitna Myrfivelen ut-yvi
alt Vaatlende, blanda med skirt, florlett kvitt og
raud-spettut blaatt fraa Blomane av tusund Millionar
Bukke-blad; ja sjølve Aai grønka med sitt lange Leagras og
Sév, og paa Hyljane sumde gul og kvit Nykkjablom
millom breide Blad, og det grodde og blømde alt;
Jordi var som eit Moderfang, fræva og fyllt av den
skapande Alimagt.

I denne Tidi var det serskilt godt aa vera ute; endaa
um Sundagen hende det at Enok rømde den kvæve
Stogo med all Flugesurren; han lagde Tekstboki ihop
og gjekk ut til aa „dyrke Gud i Naturen". Aakerhøna
skrata i alle Engir, og Steindilpa smatta og Erla skvatt;
alt Slag Fugl peip og lét; Heimen var som ei Kyrkje
full av Song; alt kvitra og kvad til Guds Ære. Og
han freista aa sjaa Gud i alt. „Forunderlege er dine
Gjerningar, Herre, og du gjorde dem alle viseleg."

Denne Jordflekken elska han, av di han hadde
fengi ’n av Gud. „Det er kje min, det er kje min,"
mulla han for seg sjølv; „d’er Far sin." Um Gud
kravde at han skulde selja alt og . . . Stilt og snøgt
skunda han seg framum den Tanken.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0164.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free