Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
156
FRED
komin fraa Kyrkja og hadde Hug til aa sitja inne ei
Stund, og kvile og drøse som i gamall Tid; men alle
var kalde og sturne. Borni saag rang-øygde paa han
og undrast um han ikkje snart vilde gange ut. Enok
vart reint huglaus; her var han nok berre i Vegen.
Han saag seg ikring med Augo som bad; men alt var
kaldt og stengt; ingin hadde Bruk for han inne. Daa
vart han so umbrigd i Andlite sitt. Han reiste seg
og tok Sydvesten og gjekk. Knapt var han utanfor
Døri, so tok Borni til aa læ der inne.
Aah ja, ja.
Han gjekk ut. Og gjekk og gjekk. Att og fram;
rundt og rundt. Saag inginting; alt hadde vorti so
tungt og vondt for han.
Idag hadde Gunnar endaa-til fengi vori heime fraa
Kyrkja. Men det var Takki. Det hjelpte kje kor snild
han vilde vera. Ikkje um han gjorde Gud sjølv imot
for deira Skuld. Dei hata han. Det var han sjølv
som var i Vegen for deim.
Det var Skyflokar paa Himilen her og der, og
Skuggar av Skyir dreiv etter Heiane som flakkande,
drivande Øyar av Natt; som myrke, vonde Tankar.
Timane gjekk; Enok flakka i Markir og Myrar og
gaadde det ikkje. Sistpaa stod han ved
Heialands-vatne. Han kvakk; kva kunde det vera for ein vond
Tanke som hadde dregi han her ned? Han snudde
og skunda seg upp-yvi att. Det tok til aa kvelde.
Men han hadde ingin Hug til aa gange heim.
Rundt i Heiane peip Heilot med sin einslege Tone.
Ei Vibe vart uppskræmd her og der; flaug tagall ikring
med riktande Vengir; no og daa gjorde ho eit
Braa-kast ned-utn Nakken hans, vilde skræme han burt.
Det gav ein hard, hastig Ljod, som det kunde vera
Vengtak av vonde Aandir.
I Nord, i Aust, allstad og inginstad, usynleg og
uhugleg, mekra Røssegauken sin hole, kalde Laatt.
Ein Draugelaatt, som døydde av inn-i Himilnatti. Fraa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>